Kvinna på 24 år og guten på 14, byrja turen frå Flørli i Lysefjorden, på fredag. Dei gjekk opp trappene frå Flørli og opp på høgfjellet.
Dei to gjekk trappene opp i fjellet frå Flørli kraftstasjon i Lysefjorden.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKDet var tett skodde i leiteområdet natt til laurdag.
Foto: Norsk Folkehjelp, Strand og ForsandMålet var å gå til Kjerag, men etterkvart som tida gjekk og véret blei dårlegare, endra dei planen og gjekk mot turisthytta Langavatn i staden.
- Les også:
I 23-tida på kvelden melde dei frå om at dei hadde gått seg vekk og at dei søkte ly for natta. Det var regn og tett skodde i området.
Les også:
Norsk Folkehjelp, Strand og Forsand reiste frå Forsand og inn Lysefjorden i 01-tida på natta. Eit lag gjekk inn i området frå Flørli. Det andre gjekk frå Øygardstøl, ovanfor Lysebotn.
Rett før klokka 06, fekk leitemannskapa, som kom frå Øygardstøl, svar frå dei to som hadde gått seg vekk.
Mannskap frå Norsk Folkehjelp, Strand og Forsand, på veg tilbake etter vellukka redningsaksjon.
Foto: Norsk Folkehjelp, Strand og ForsandDei to var då like ved ein fjelltopp på omlag 1100 meters høgde. Det var hard vind der dei vart funne, men dei våga ikkje å gå lengre kvelden før, fordi terrenget var ulendt og bratt.
Les også:
Også mannskap frå Øvre Sirdal leitegruppe tok seg inn i området og var med på leiteaksjonen.
Dei to var kalde, men med godt mot då dei vart funne.