Blei banka opp etter at han hadde sex på TV

Aksel (21) blei utsett for grov vald etter at han hadde samleie i NRK-program. Likevel er han klar til å ha sex på TV igjen.

Aksel Kloster blei utsett for blindvald

Slik såg Aksel ut etter at han vert utsett for blind vald andre juledag i fjor.

Foto: Privat foto

– Det kom to karar bort og spurte om det var eg som hadde hatt sex på TV. Eg svarte «ja», og før eg visste ordet av det slo dei meg ned, seier Aksel til NRK.

21-åringen frå Stavanger, og kjærasten Ingrid, valde å ha sex på TV i NRK-serien «Line fikser kroppen». Målet var å visa at porno er iscenesett. I tillegg ville dei visa normale kroppar som ikkje er operert eller fiksa på.

Kjæresteparet Aksel og Ingrid

Aksel og kjærasten Ingrid hadde sex på TV for å vise at sex mellom to som er glade i kvarandre, er langt frå skodespelet ein ser i pornofilmar.

Foto: Kristin Granbo / NRK

– Porno representerer ikkje korleis sex mellom to som er glad i kvarandre er, eller bør vera, seier Aksel til Studvest som først omtala saka.

Det var programleiar Line Elvsåshagen som søkte etter personar som ville ha «ekta og vanleg samkvem», med kamera til stades, til episoden «Tissen». Aksel og kjærasten melde seg då til teneste.

Line fikser kroppen

Line Elvsåshagens personliga prosjekt «Line fikser kroppen» engasjerte stort.

Foto: Kristin Granbo, NRK

Etter at programmet vart sendt på TV, fekk Aksel mange gode tilbakemeldingar frå folk på gata og i innboksen.

Men etter ein tur på byen andre juledag i fjor, kom det to personar bort til han som ikkje var like nøgde med innslaget.

– Hendinga er vanskeleg å hugsa på gunnn av skada eg fekk, seier Aksel til NRK.

Blind vald

Medan Aksel låg nede, sparka og slo dei han fram til ein person kom bort og fekk dei til å slutta.

Same person fekk Aksel frakta til legevakta. Der fekk han konstatert hjerneristing og brot i nasen. Han meldte saka til politiet, men den vart lagt bort.

Etter valdshendinga, på denne tida for eitt år sidan, blei Aksel redd for å gå ut åleine. Etter oppfølging frå psykolog er situasjonen blitt betre.

Aksel Kloster

Slik ser Aksel ut når han ikkje har fått bank.

Foto: Foto frå Facebook

Men trass blind vald, er Aksel klar for å ha samleie på TV igjen.

– Det var veldig fint å få vere med på «Line fikser kroppen». Eg meiner at eg og programmet bidrar til at unge kan få eit betre syn på sex og kropp, seier han.

Kan bli gjenopna

Politiet seier dei ser på saka som alvorleg, og at dei har gjennomført naturlege etterforskingsskritt.

– Saka er lagt bort på grunn av manglande opplysningar om gjerningsmannen, seier politiadvokat Are Nygård Bergh.

Eit vitne har blitt avhøyrt, og politiet har sett etter hendinga og mannen på overvakingskamera, men utan hell.

– Saka kan opnast igjen dersom politiet får informasjon som kan identifisere eventuelle gjerningspersonar, seier Bergh.