Hopp til innhold

Blar opp tusenlappar for norske juletre

Rike russarar i Moskva blar opp heile 3000 kroner for juletre frå Ryfylke. – Heilt ufatteleg, måper produsenten.

Mikal Hetland

Dette juletreet (til høgre) kan hamna i ei russisk stove i år. Juletreprodusent Mikal Hetland gliser breitt over gateprisar på 3000 kroner i Moskva. Sjølv får produsentane 200–250 kroner for tre som dette.

Foto: Magnus Stokka

– Her har du eit typisk Russland-tre. Breitt og veldig tett heilt opp. Det liknar juletrea i Donald-blada, skryt juletreprodusent Mikal Hetland frå Hjelmeland i Ryfylke.

I sterk novembervind viser han oss rundt på dei 300 måla han har dyrka juletre på. Det aller meste fjelledelgran.

Og det er nettopp denne typen juletre ein av landets største juletreprodusentar nå kallar «Russland-tre». Ryfylke-juletrea blir nemleg for første gong selt til den russiske marknaden – til svimlande gateprisar i Moskva. Alt gjennom salsselskapet Norsk Juletreservice, der Hetland er dagleg leiar.

– Rykta seier 3000 kroner per tre i Moskva.

– Kva tenker du om slike prisar?

– Nei, det er heilt ufatteleg. Kan det gå, lurer eg på.

Klarer ikkje levera nok juletre

Russland-juletre

Slike juletre frå Ryfylke blar russarane opp tusenlappar for.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Dette er prisar som også slår fjorårsrekordane. Då blei juletre frå Ryfylke, som nå blir marknadsført som «Fjordtree», på det meste selt for over 2000 kroner i fasjonable Chelsea i London.

– Dette er med å visa det me seier. Me har stor etterspurnad etter norske tre, kommenterer dagleg leiar i bransjeorganisasjonen Norsk Juletre, John Anders Strande, dei stive prisane for norske juletre i utlandet.

Ifølge han er norske juletre så populære at produsentane her til lands ikkje klarer å levera i det omfanget marknaden vil ha.

– Me har for lite tre til innlandsmarknaden og er framleis avhengige av juletreimport frå Danmark. I tillegg har me ein mykje større etterspurnad etter norske tre i utlandet. Det gjer at me må produsera meir, seier Strande.

Bratthetland

Mikal Hetland er blant landets største juletreprodusentar og har 300 mål med juletre på Bratthetland i Hjelmeland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Meir fornuftige prisar i Norge

For juletreprodusent Hetland og Norsk juletreservice er det som kan bli eit russisk juletre-eventyr berre i startgropa.

John-Anders Strande, daglig leder i Norsk Juletre

John Anders Strande, dagleg leiar i Norsk Juletre.

Foto: Henrik Bøe

Framleis er Norge den desidert største marknaden, sjølv om dei også leverer juletre til Danmark, Tyskland, Nederland og England. Men juletredyrkar Mikal Hetland i Ryfylke er klar på at potensialet er større enn dei om lag 40.000 juletrea dei 30 produsentane i hans selskap kjem til å levera i år.

– Me opplever ein enorm etterspurnad etter fjelledelgran, og me klarer ikkje å produsera nok.

Men så var det dei skyhøge gateprisane i Moskva på den første leveransen av fjelledelgran frå Ryfylke. For er eit juletre verkeleg verdt prisen på opp mot 3000 kroner? Juletreprodusenten sjølv svarer slik.

– Dersom folk vil betala, er det heilt ok for meg. Men eg tvilar på om eg hadde betalt 3000 kroner for eit juletre. Me har nok litt meir fornuftige prisar i Norge.