Hopp til innhold

Black Friday tek av i Norge

Den amerikanske tilbodsdagen Black Friday har for alvor erobra Norge. Fredag opnar kjøpesenter og butikkar over hele landet dørene grytidlig – og lokkar med billige varer og kupp.

Black Friday

Handelsstanden har fått ein ny yndlingsdag i Black Friday, som er ein amerikansk handledag som har funne vegen til Norge.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Me har lyst å leggja litt ekstra i det, for å ha det litt ekstra gøy, og me likar å kle oss ut. seier senterleiar på M 44, Eli Ulveseter.

Ho og ein kollega er akkurat ferdige med å ta nye bilete til senteret si Facebook-side, kledd ut i pyjamas.

Eli Ulveseter

Senterleiar på M44, Eli Ulveseter, meiner det Black Friday ikkje berre er handle men også underhaldning.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Det er duka for såkalla "Black Friday", og sjefane på kjøpesenteret tek sikte på beinhard marknadsføring i mjuke slåbrokar, før dagen som har blitt ein handle-bankett på rekordtid.

Fredag morgon møter dei kundane i døra, med pyjamas og prisfest.

Har eksplodert

For tre-fire år sidan var den amerikanske kjøpedagen Black Friday ukjend i Norge. Nå har det eksplodert.

– Me i detaljhandelen er jo skrudd saman slik at me elskar alt som involverer mykje folk og liv og handel, seier Ulveseter.

Men dette er jo nok ein amerikansk skikk og noko de gjer for å tena meir pengar?

– ja, det er jo det. Men det er underhaldning i dette også, ikkje berre handel, hevdar ho.

Ikkje alle er begeistra

Medan dei fleste butikkane ønsker Black Friday velkommen – strir enkelte imot.

– Eg synst det er for amerikansk. Me treng ikkje å etterlikna dei i alt og ta deira

Black Friday

Oddrun Lode Gjerde er butikkleiar men har ikkje sansen for fenomenet Black Friday

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

skikkar, meiner Oddrun Lode Gjerde som er butikksjef i sybutikken Quilt og sånt.

Men er det ikkje flott at butikkane får moglegheita til å selja meir?

– Jo, men dei kan laga sitt eige opplegg.

Men skikken er innført – spørsmålet er kanskje om den norske versjonen er like forlokkande som originalen.

– Dei burde i alle fall slå til skikkeleg slik som dei gjer i USA, med ekte tilbod, meiner Camilla Kokes.

Black Friday
Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Her er det jo berre 20 prosent og slikt. Det er litt slapt. Dei gjer det ikkje skikkeleg, så då kan dei jo berre late det vera.