NRK Meny
Normal

– Johaug er sjølv ansvarleg for det ho får i seg

Tidlegare toppidrettsutøvar Bjørnar Ustad Kristensen frå Sandnes meiner at Therese Johaug sjølv burde ha sjekka innhaldet i medikamentet ho nå er dopingteken for.

BJØRNAR USTAD KRISTENSEN

– EIGE ANSVAR: Bjørnar Ustad Kristensen var friidrettsutøvar med 3000 meter hinder som spesialøving fram til juni i år då han la opp. Han seier til NRK at han aldri har stolt hundre prosent på legane sine.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Du må alltid sjekka sjølv. Slik er i alle fall eg lært opp, seier Bjørnar Ustad Kristensen, den tidlegare friidrettsutøvaren som har representert Norge i VM og EM med 3000 meter hinder som spesialøving.

dopingsaka mot langrennsstjerna Therese Johaug i dag slo ned som ei bombe var han raskt ute på Twitter og kritiserte henne. Johaug sa fleire gonger i pressekonferansen at ho stolte hundre prosent på legen sin, som sa at ho kunne bruka salven som ho nå er dopingteken for å ha brukt.

– Til sjuande og sist så er det Johaug som har ansvaret for kva ho får i seg. Ho kan ikkje berre leggja ansvaret på legen, seier Ustad Kristensen.

Laster Twitter-innhold
Bjørnar Ustad Kristensen

EM-FINALE I 2010: Bjørnar Ustad Kristensen blei under EM i Barcelona kjent som mannen som farga håret blått då han kom til finalen i 3000 meter hinder. I finalen hamna han på 9.-plass.

Foto: Poppe, Cornelius / Scanpix

– Gjekk nesten på same smell

Han fortel at han for om lag 10 år sidan kunne hamna i den same situasjonen, dersom han ikkje sjølv hadde passa på.

– Det blei skrive ut ein salve til meg, då eg hadde problem med ein fot. Eg spurde legen min om dette var eit medikament som eg kunne bruka, og han sa ja. Då eg sjølv sjekka opp fann eg ut at den inneheldt stoff som stod på dopinglista.

Korleis reagerte du då?

– Eg blei sjølvsagt forbanna, seier han.

Therese Johaug sier at hun vet at det er hennes eget ansvar å sørge for at hun ikke får i seg ulovlige stoffer. Siden hun spurte legen om kremen han ga henne var trygg, mener hun at hun har gjort alt hun kunne. Likevel har hun nå testet positivt på et ulovlig stoff.

GJORT DET HO KUNNE: Therese Johaug seier at ho veit at det er hennar eige ansvar å sørgja for at ho ikkje får i seg ulovlege stoff. Sidan ho spurde legen om kremen han gav henne var trygg, meiner ho at ho har gjort alt ho kunne.

Trudde skiforbundet hadde betre kontroll

Han meiner at ingen skal stola hundre prosent på legeteamet sitt. Sjølv ikkje i Norges Skiforbund, og spesielt ikkje for Therese Johaug sin del.

– Når det kjem til slike ting så er fallhøgda så stor at ein bør sjekka opp. I alle fall når du er så profilert person, og i den posisjonen som Johaug er.

Han meiner også at ein skal vera ekstra forsiktig med legemiddel kjøpt i utlandet, men understrekar også at han føler med skistjerna.

– Dette er først og fremst veldig trist. Det er ei tragisk sak. Samstundes så er det amatørmessig, og eg trudde at skiforbundet hadde betre kontroll på slike ting.