Hopp til innhold

Bjørn Berge blir ny Vamp-gitarist

Berge overtar etter Torbjørn Økland i det populære bandet frå Haugesund.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Øyvind Staveland (t.v.), frontfigur i Vamp, saman med den nye gitaristen Bjørn Berge.

– Eg landa på kanskje ein overraskande gitarist for mange, Bjørn Berge, seier frontfigur i Vamp, Øyvind Staveland, til NRK.

Staveland har sjølv samarbeida med gitarist Berge frå Haugesund.

– Me er i ein situasjon kor me må fornyast. Då er det ikkje noko poeng at me forsøker å kopiera det me har gjort før, seier Staveland.

46 år gamle Berge har eiga solokarriere bak seg. Han blei så sjokkert då han blei spurt om den nye jobben, at han først takka nei.

– Tankane fekk modnast litt. Og me hadde ei god øving for nokre dagar sidan. Då tenkte eg «yes», dette er ufatteleg gøy. Resten av orkesteret sa dei hadde hatt det like kjekt som meg, seier den nye Vamp-gitaristen.

Torbjørn Økland melde i juni at han sluttar i Vamp etter 23 år i bandet.

Staveland: – Vil låta litt annleis

Berge seier han har vore stor fan av Vamp sidan den dagen dei begynte. Første Vamp-plate kom ut i 1993 og i fjor hadde dei 20-årsjubileum.

– Bandet lagde flotte låtar og fekk fått haugesundsdialekta til å klinga så fint. Og så likte eg at dei heile tida fornya seg, seier han.

Men at han skulle bli spurt om bli medlem i bandet, har han ikkje tenkt på.

– Vil det låta annleis i Vamp nå, Staveland?

– Ja, det håpar eg. Det er litt av meininga med dette. Bjørn er også ein fantastisk banjospelar, noko som kler oss godt. Han vil gi oss mykje ekstra energi. Men me må ta vare på det me har skapt også.

Dalland ny bassist

I tillegg til gitarist Berge, blir Kjetil Dalland frå Tysnes ny bassist i Vamp. Han har vore fast bassist for Mari Boine i mange år. Han erstattar Carl Øyvind Apeland.

Staveland lovar ikkje eit heilt nytt album i 2015, men lovar at Vamp neste år skal vera synlege igjen.

– Det kjem nok nye ting og me skal vera på vegane igjen med nytt orkester, seier Staveland.