NRK Meny
Normal

Bispesønnen har spelegjeld

Biskopen Ernst Baasland i Stavanger bekrefter at store deler av lånegjelda som familien har tatt opp, har gått til å dekke sønnen si spelegjeld.

Ernst Baasland
Foto: Ruth Espedal Lycke / NRK

- Det kan eg bekrefte, men kor stort element dette er, det må politiet sjå på, seier biskop Baasland til NRK Rogaland.

- Dette er ikkje ein kriminalsak i tradisjonell forstand. Alle vil forstå at dette er ein personleg tragedie.

Se intervju med biskop Ernst Baasland 11.09

- Eg synes det er ei avskyeleg forklaring, men eg må likevel innsjå at denne tragedien har skapt gjeld-situasjonen som sonen min og familien nå står i, seier Baasland

Hør intervjuet med Ernst Baasland

Sonen min må nå stå til ansvar for at han har gitt falsk informasjon til kona mi, til familien Finnsnes og til den investoren i Oslo som har gått inn i dette. Og det er ei frykteleg alvorleg sak, seier Baasland.

LES OGSÅ: - Jeg har mistet oversikten