Hopp til innhold

Vil ha privat samtale med Tina Bru

Biskopen i Stavanger meiner politikarane må tole at kyrkja stiller ubehagelege spørsmål om klima og miljø. Han håpar at eit personleg møte kan få stortingspolitikar Tina Bru til å trekkje protestutmeldinga si.

Erling Pettersen

Biskop i Stavanger, Erling Pettersen, håpar Tina bru held fram som medlem i Den norske kyrkja.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg har invitert Tina Bru til ein personleg samtale. Eg tar hennar reaksjon på alvor, og vil drøfte det med henne, seier biskop i Stavanger, Erling Pettersen.

Tina Bru (H) har varsla at ho vil melde seg ut av Den norske kyrkja. Årsaka er at to biskopar i ein kronikk i Aftenposten tok til orde for at Norge bør bremse oljeproduksjonen og la mykje olje ligge igjen i bakken.

Laster Twitter-innhold

– Eg synst det er trist. Me treng Tina Bru si stemme i debatten om dei etiske vala i samfunnet, og der er klimapolitikken ein viktig del, seier Pettersen.

Tina Bru

Stortingsrepresentant, Tina Bru, vil melde seg ut av kyrkja.

Foto: NRK

Bru er svært ueinig i dei to biskopane sin konklusjon, nemleg at oljeindustrien skal fasast ut for å møte klimautfordringane.

– Ikkje eit partipolitisk utspel

Han meiner politikarane må tole at biskopane stiller ubehageleg spørsmål om klima og miljø.

– Biskopane skal halde seg unna partipolitiske utspel, men eg ser ikkje på dette som det. Partia må tole at kyrkja gjer etiske refleksjonar om klodens framtid, seier han.

Må ta eit standpunkt

Og han får støtte frå biskop i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, som var ein av kronikkforfattarane.

– Ein del saker er så viktige at me må koste på oss å ta konkrete standpunkt i enkeltsaker, og dette er ei slik sak, seier Øygard.

Olav Øygard

Biskop i Nord-Hålogaland, Olav Øygard, skreiv kronikken saman med mellom anna Tor B. Jørgensen.

Foto: marit garfjeld / nrk

– Det er veldig leit at Tina Bru vil melde seg ut, men viss alle medlemmane skal vera einige i alt, så kan me ikkje seia noko som helst, meiner Øygard.

Håpar Tina Bru ombestemmer seg

Stavanger-biskopen håpar ein privat samtale med stortingsrepresentanten er det som skal til for å få ho til å halde fram som medlem.

– Eg vil svært gjerne ha Tina Bru med i kyrkja, og eg trur ikkje det er umogleg å koma fram til eit syn på etikk og politikk som gjer at også ho kan føle seg heime i kyrkja, sjølv når den ytrar seg kritisk, seier Pettersen.

Takkar ja til invitasjonen

Sjølv synst Tina Bru at det er veldig hyggeleg å få ein invitasjon frå biskopen, og takkar gjerne ja, men ho tvilar på at ho kjem til å ombestemme seg.

– Eg skulle ønske det var rom for meg i kyrkja, men med desse standpunkta blir det vanskeleg, seier Tina Bru.

– Når kyrkja seier at ein ikkje skal opne for meir oljeleiting, så har dei lagt seg på ei partipolitisk line. Eg skulle ønskje at dei ikkje var så bastante på kva dei meiner er løysingane, fordi det trur eg skyver folk vekk frå kyrkja, seier Bru.