NRK Meny
Normal

Biskopen sine englar

Då biskop Erling Pettersen blei beden om å pynta eit juletre, var det inga overrasking at treet blei fullt av englar.

Biskop i Stavanger bispedøme, Erling Pettersen, pyntar NRK Rogaland sitt juletre.

– Englar minner oss om det inste i jula sitt bodskap, seier Erling Pettersen, som er biskop i Stavanger bispedøme.

Han skal pynta juletreet sitt i bispebustaden 23. desember i år, når alle barnebarna har kome for å feira jula der. På treet vil det henga flagg frå alle verdsdelar, lenker i mange ulike fargar, kuler og englar.

– Eigentleg kan me få fram heile den kristne forankringa, og det store i at Gud blei menneske, gjennom julepynten, slår biskopen fast.

Har ikkje tal på englane

Men englane er heilt spesielle for biskopen. Kvar engel har ein historie og ein spesiell plass i hjarta hans.

– Denne er laga i glasskår. Den er laga på eit kunstsenter i ein flyktningleir i Betlehem. Glasskåra finn dei i søppelet og noko er glasskår etter granatsplintar som har råka dei. Dette fortel meg at jula handlar om håp. Ein gong skal alle dei knuste bitane i livet deira bli eitt igjen, fortel han.

– Kor mange englar trur du at du har på treet dykkar?

– Eg har aldri telt, men det er svært mange.

Han har også med seg ein engel frå Brasil, den kjøpte han i 1986 og manglar ei vengje.

– Denne er laga av gatebarn på eit senter eg var med på å bygga opp. Engelen er eit godt minne om at barna me jobba med har fått eit godt liv. Altså gir det resultat om ein konkret går inn og hjelper nokon som treng det.

Han trekk fram ein tova engel som den vakraste. Denne har ei veninne laga, og den same type engel har dei også i vindaugo gjennom heile juletida.

Vil ikkje ha for mykje glitter

Er det noko du ikkje liker å ha på treet?

– Eg plar ikkje ha så mykje som glitrar. Hos oss er det veldig enkelt. Det har nok noko med å gjera korleis me hadde det då eg vaks opp.

– Kva er ditt beste minne frå juletreet den gong?

– Den magiske stunda då far tente lysa på treet, avsluttar biskopen.