Hopp til innhold

Biskop med krass Listhaug-kritikk

Avtroppande biskop i Stavanger bispedøme, Erling Pettersen, meiner det er provoserande når Sylvi Listhaug seier at regjeringa sin asylpolitikk har noko med kristne verdiar å gjera.

Erling Pettersen under vigslingsgudstjenesten i 2009

AVTROPPANDE: Om få veker pensjonerar Erling Pettersen seg etter sju år som biskop i Stavanger bispedøme og 25 år i toppleiinga til Den norske kirke.

Foto: Hansen, Alf Ove / NTB scanpix

– Det meiner eg er ein utruleg provoserande måte å sjå det på, seier den snart pensjonerte biskopen i Stavanger bispedøme, Erling Pettersen, på spørsmål om kva han tenker om at Sylvi Listhaug sameinar ein streng asylpolitikk med kristne verdiar.

Sjølv om Pettersen helst ikkje vil gi innvandrings- og integreringsministeren mediemerksemd, så kastar han seg likevel inn i den stadig pågåande Sylvi Listhaug-debatten i eit intervju med NRK Rogaland.

Rettferd og dialog

– Eg vil ikkje gi Sylvi Listhaug alt for mykje medieplass, det sørgjer ho godt for sjølv, men når du først spør så synst eg at regjeringa burde vore mykje opnare, og dei burde hatt ei heilt anna haldning enn det dei nå har, seier Pettersen.

Måndag gav han ut boka «Gud sett nedenfra», der han er oppteken av meir rettferd og meir dialog i verda. Noko han meiner kan vera ganske fråverande i det norske samfunnet nett nå. Spesielt kritisk er han til den norske asylpolitikken.

– Eg fryktar at me nærmar oss ei haldning der me har nok med oss sjølv, seier han.

Han synst ingenting om at Sylvi Listhaug skryt av at me har ein streng asylpolitikk i Norge, slik ho til dømes gjorde i ein Facebook-post for to veker sidan. At Noreg har tvangssendt 37 asylbarn til Afghanistan er også noko han reagerer svært sterkt på.

– Dei av oss som har mot eller krefter til å reagere må gjera det. Me må ikkje berre seia at dette er eit brot på FN sin barnekonvensjon, me må også seia at det er eit brot på alle kristne og humanistiske verdiar, seier han.

– Eit menneskeverdig tilvære

Han meiner også at det er viktig at me ikkje ser ulikt på innvandrarane.

– Dette gjeld anten dei er kristne konvertittar, eller om dei er minoritetar frå andre religionar. Ein har ei plikt om å følgja opp og gi eit menneskeverdig tilvære her hos oss.

Sylvi Listhaug ønsker ikkje å kommentere saka, får NRK opplyst i ein e-post frå Justis- og beredskapsdepartementet.