Hopp til innhold

– Det har vore knalltøft i retten

Birkedal har framleis ikkje forklart seg i retten, men han sat ein meter ifrå dei fornærma som forklarte seg. På eit tidspunkt blei dette så tøft for han at han tok til tårene.

Trond Birkedal på Alanya

Trond Birkedal tok med seg pressa på restauranten Alanya etter rettssaka. Her svara han på korleis det hadde vore i rettssaka.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Birkedal klarte ikkje å halda tårene tilbake då ein av dei fornærma (21) i retten i dag forklarte seg. Dette galdt eit av dei mindre alvorlege tiltalepunkta, som også Birkedal har sagt seg skuldig i.

Fornærma forklarte korleis Birkedal hadde lurt han til å visa seg naken på nett då han var yngre. Han brukte den falske nettprofilen sin «Mona».

– Knalltøft

– Då politiet kontakta meg, og eg forstod at eg hadde blitt lurt blei eg paff, og kjende skam. Eg tenkte spesielt på sonen min heime, forklarte den fornærma.

Dette gjorde at Birkedal tok til tårene.

Birkedal ville ikkje la seg fotografera i retten i dag, men etter rettssaka møtte han pressa på ein restaurant like ved.

– Det var godt å kunna starta med og gjera opp for meg. Det har vore knalltøft å sitja der som tiltalt, men eg ser fram til å bli ferdig med saka og ta straffa mi, seier Trond Birkedal til NRK etter rettssaka.

Martin Bratland Andersen

Martin Bratland Andersen byrja forklaringa si i retten i dag. Det var Bratland Andersen som fekk ballen i Birkedal-saka til å rulla.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Det går greitt

Birkedal måtte også høyra to andre fornærma forklara seg i retten i dag. Dei to som har meld Birkedal for dei mest alvorlege hendingane som går på seksuelt overgrep og seksuell handling mot barn. Dette er forhold han nektar for.

Først forklarte den fornærma 18-åringen seg, deretter Martin Bratland Andersen.

– Det er ikkje noko morosamt å forklara seg, men det går greitt, sa Bratland Andersen til NRK.no etter retten blei heva.

– Var redd han skulle kvela meg

Bratland Andersen måtte mellom anna fortelja om då han gjekk til politiet og melde Birkedal. Han hadde lenge hatt mistanke om at Birkedal dreiv med snikfilming og hadde leita på badet etter kamera.

Han frykta at Birkedal kunne sjå han leita på kamera:

– Natt til sundag sov eg nede hos Birkedal. Eg var redd for at han skulle koma ned og kvela meg, fortalde Bratland Andersen.

Bratland gjekk til politiet morgonen etterpå. Då hadde han funne ein filmsnutt av eit FpU medlem på PC-en til Birkedal.

Det var denne meldinga til politiet som fekk ballen til å rulla. Birkedal er nøgd med dagen i dag i forhold til punkta han ikkje erkjenner i tiltalen:

– Eg tykkjer at me har hatt ein grei runde for å få kasta lys over dei forholda som eg ikkje erkjenner, seier Birkedal til NRK.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.