NRK Meny
Normal

Birgitte Tengs' fetter får ikkje erstatning

Vurderer å anke til Høgsterett.

Birgitte Tengs
Foto: Privat

Fetteren til Birgitte Tengs og far hans får ikkje
erstatning for økonomiske tap og påkjenningar dei har vore
utsette for i samband med drapssaka, går det fram av ei
rettsavgjerd frå Oslo tingrett.

– Kjenninga gjev uttrykk for at fetteren har vore uheldig i forhold til domstolane si bevisvurdering, og etterlèt ingen tvil om at retten oppfattar situasjonen veldig uheldig. Men det retten legg til grunn er at så lenge alle rettsmiddel er brukt så er det ikkje grunnlag for erstatning, seier advokat Arvid Sjødin til NRK.

Staten frifunnen

Staten ved Justisdepartementet vert frifunnen og kvar av partane
må bere sine sakskostnader, skriv tingrettsdommar Per Gammelgård
i slutninga.

Den sivile saka gjekk i Oslo tingrett 16. til 20. november.

Arvid Sjødin

Advokat Arvid Sjøding seier til NRK at dei vurderer å anke til Høgsterett.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg har tidlegare
dømt den norske staten til å betale 25.000 euro i erstatning til
fetteren, og han har fått 1,2 million kroner i erstatning og
oppreisning frå staten etter straffesaka.

Saksøkte i 2011

Fetteren saksøkte Fokus Bank i 2011 fordi dei trekte tilbake eit
jobbtilbod då dei fann ut at han er Birgitte Tengs' mykje
omtalte fetter.

Banken fekk medhald, men vart dømt til å betale
fetteren 925.000 kroner i erstatning.

Men i denne siste saka fekk altså saksøkjarane ikkje medhald.

– Dei burde få erstatning grunna menneskelege belastningar som samfunnet har påført dei, på bakgrunn av uriktige rettsavgjerder. Og når det er slik at dette medfører skade så er det naturleg at ein kvar som påfører andre skade, sørger for at det blir retta opp, seier Sjødin.

Ifølge advokaten har dei ikkje teke stilling til kva som blir neste steg.

– Det kan vera aktuelt å anka, kan hende direkte til Høgsterett, men det får me sjå på, avsluttar Sjødin.