Hopp til innhold

Biltjuveri og fleire stjålne bilskilt i Stavanger

I natt fekk politiet melding om ein stjålen bil frå Soltunveien i Stavanger. Bilen vart funnen i dag ved Mosvangen, men med eit anna bilskilt. Då politiet oppsøkte eigaren av skiltet, fann dei at vedkomande hadde ein tilsvarande bil. Denne bilen hadde også eit uriktig skilt på, noko eigaren ikkje hadde sett før. Skiltet høyrde til ein tredje bil som politiet jobbar med å spora. Politiet har oppretta sak.