Hopp til innhold

Bilførar stakk av etter kraftig kollisjon

Ein bilførar stakk av etter ein kraftig kollisjon mellom to bilar i Stavanger sentrum måndag kveld. Seinare om kvelden fekk politiet fatt i det dei trur er bilføraren.

Reidar Bergesgate

To personbilar var involvert i frontkollisjonen ved Scandic-hotellet i Reidar Bergesgate i Stavanger sentrum, ikkje langt frå Fiskepirterminalen. Politiet fekk melding om hendinga klokka 21.10.

–Me fekk melding om ein kraftig frontkollisjon mellom to bilar. Då me kom fram viste det seg at det var tre jenter i den ein bilen. Mannen i den andre bilen hadde sprunge frå staden, opplyser operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Victor Jensen.

Seinare på kvelden melde politiet at mannen var teken:

Laster Twitter-innhold

Mindre skader

Han seier politiet har vore i kontakt med dei tre jentene.

– Dei er sendt til sjukehus eller legevakt for sjekk, sannsynlegvis med mindre skader. Ei stor rose i frontruta på bil nummer to tyder på at han ikkje brukte belte og at han dermed kan vera skadd, seier Jensen.

– Kva gjer politiet for å finna han?

– Det blir gjort undersøkingar i og rundt bilen som står ved hotellet. I tillegg prøver me å avklara eigarforhold og kven som har disponert bilen, så får me komma tilbake til kva som skjer vidare.

Mannen skal ifølge vitne på staden vera i 50-åra. Han skal ha blondt, halvlangt hår og vera iført ein blå jakke.

Mannen som stakk av frå kollisjonen var åleine i bilen, ifølge politiet.