Trekkjer tilbake 100 oppseiingar

600 tilsette i Bilfinger har fått melding om oppseiing. Nå får om lag 100 av dei kontrabeskjed.

Bilfinger Industrier

Bilfinger Industrier har seks ulike lokasjonar i Sør-Norge, dei fleste på Vestlandet. Dei leverer ulike produkt og tenester til offshoreindustrien.

Foto: Bilfinger
Rune Erland

Rune Erland er HR-direktør i Bilfinger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dette er svært gledeleg, seier HR-direktør i oljebransjebedrifta Bilfinger, Rune Erland, til NRK.no.

Det er ikkje meir enn halvanna månad sidan 600 tilsette i selskapet fekk melding om at dei mista jobbane sine på grunn av store økonomiske kutt i oljebransjen. Det er spesielt Statoil sine store kutt, som har blitt heldt fram som avgjerande for Bilfinger.

Det er i hovudsak tilsette i Bergen og Stavanger som har fått melding om oppseiing.

Auka bemanningsbehov

No viser det seg at behovet for bemanning i kontraktar som Bilfinger har inngått har vakse.

– Om lag hundre personar får behalda jobbane sine på grunn av dette, seier Erland.

Slankekuren til Bilfinger blir likevel stor. 500 må gå frå Bilfinger, og for dei fleste av dei trer oppseiinga i kraft ved inngangen av november.