NRK Meny
Normal

Bilfinger-leiinga i konflikt med fagforeininga

200 stillingar skal kuttast i industribedrifta Bilfinger. Det tykkjer fagforeininga SAFE svært lite om.

Bilfinger Industrier

200 STILLINGAR FORSVINN: Bilfinger held fram med kutta i bedrifta.

Foto: Bilfinger

– Me er nøydde til å forhalde oss til realiteten, og realiteten er at me skal ned i bemanning, seier HR-sjef i Bilfinger, Rune Erland.

Rune Erland

MÅ NEDBEMANNA: Rune Erland, HR-sjef i Bilfinger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Bilfinger skal kutte 200 tilsette. Det kjem i tillegg til 500 fast tilsette og 1200 innleigde som allereie er sagt opp.

Fagforeininga SAFE Bilfinger likar dårleg dei nye oppseiingane.

– Me er ikkje samde i dette. Me har ikkje godkjent noko einigheitsprotokoll om dette her, seier Lillian Bratholmen, leiar i SAFE Bilfinger.

– SAFE vil dessverre ikkje innsjå at me er nøydde til å gjennomføre oppseiingar, svarer Erland.

Lillian Bratholmen

MISTAR TILLITEN: Lillian Bratholmen, leiar i SAFE Bilfinger.

Foto: SAFE

– Byrjar å miste tilliten til leiinga

Den dårlege stemninga mellom fagforeininga og leiinga skuldast i stor grad bruken av innleigde.

– Dei seier at dei ska seie opp dei innleigde i trå med dei andre oppseiingane. Det sa dei i fjor då dei sa opp folk, det sa dei rundt påsketidene i år då dei sa opp folk, men det har vore betydeleg med innleige heile tida, seier Bratholmen.

Erland forsikrar at dette ikkje skal skje.

– Innleigde skal forsvinne parallelt med at me sett i verk nedbemanninga, seier Erland.

Urovekkande trend

Bilfinger er ikkje aleine om å krasje med fagforeining, denne konflikten er eit typisk døme på ei aukande trend i kjølvatnet av oljekrisa, ifølge SAFE-leiar Hilde Marit Rysst. Ho er uroa over utviklinga.

– Me synst det er urovekkande at det er fleire og fleire som melder at det er tøft.