NRK Meny
Normal

Bil mot tre i Karmsundgata

Ein mann er frakta til sjukehus med skader, opplyser politiet.

Bil mot tre Karmsundgt

Ein mann er sendt til sjukehus etter ein kollisjon i Karmsundgata i Haugesund.

Foto: Jan Kåre Ness

Politiet fekk melding om trafikkulukka i Karmsundgata ved Opel-bygget i Haugesund, klokka 10.02 søndag.

Ein bil hadde kollidert med eit tre.

– Det var ein mann i bilen. Han blei frakta til sjukehus med ambulanse, opplyser operasjonsleiar i Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Tore Frøyland-Jensen.

Politiet ber folk vera obs på oljesøl frå bilen etter ulukka.

– Det kan vera glatt, opplyser Frøyland-Jensen.