Bil hamna på taket på Ims

Fem personar vart frakta i Sea King helikopter til Stavanger universitetssjukehus for ein legesjekk, etter at bilen dei sat i hamna på taket i ei utforkøyring. Uhellet skjedde på Ims i Sandnes, litt før klokka tre i natt. Politiet melder at høg fart kan vera årsaka til at bilen hamna utfor vegen. Bilføraren har fått førarkortet beslaglagt.

Trafikkuhel på Ims
Foto: Politiet