Hopp til innhold

Bil hamna på taket i Egersund

Alle naudetatar var på plass etter ei trafikkulukke i Egersund. Skadeomfanget er ukjent.

Bil på taket i Egersund
Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Klokka 8.20 fredag morgon fekk politiet melding om ei trafikkulukke i Egersund. Ein bil hadde køyrd inn i ein stolpe og landa på taket i Vikingveien på Rundevoll.

NRK sin reporter på staden kan fortelja at alle naudetatane var på plass på staden like etter ulukka.

– Det er ei lysmast som er køyrd ned, men ingen personar har kome til skade. Skadane er berre materielle, fortel operasjonsleiar i Rogaland politidistrikt, Egil Karlsen.

Ulukka skjedde like ved ein skule.