Hopp til innhold

BIL FORLATEN I RUNDKØYRING:

– Me har ikkje fått tak i føraren, så me jobbar med det, seier Operasjonsleiar Odd Bøgild om trafikkhendinga.

Sundag formiddag såg forbipasserande ein person som forlèt ein krasja bil i ei rundkøyring på Ålgård. Vedkomande tipsa politiet, som ser det som mistenkjeleg at ulukkessjåføren stakk frå bilen.

– Bilen kan vera stolen, men me har ikkje fått inn meldingar om biltjuveri, seier operasjonsleiar.

Bilen er taua vekk.

Bil
Foto: Ronny Hjertås