NRK Meny

BIL BYRJA Å BRENNA:

To haugalendingar måtte i natt sendast til sjukehus, etter dei køyrde ut av vegen ved Skånevik like nord for fylkesgrensa. Etter utforkøyringa byrja bilen dei sat i å brenna, men dei kom seg altså ut og blei tekne hand om av helsepersonell. Politiet mistenker promillekøyring og har sikra seg blodprøve av dei to haugalendingane.