Ferdig som prostituert
Kvinna hadde prostituert seg i 3-4 år då ho vart skadd. Ho vart plukka opp av den valdstiltalte mannen i desember 2001. Etter at ho vart skamslått var ho ferdig som prostituert.
Mannen vart dømt i tingretten til å betale 30 tusen kroner i erstatning i tapt arbeidsforteneste for kvinna. Kvinna sin bistandsadvokat meiner denne saka kan vere med å styrke rettsvernet for prostituerte.
Hukommelsestap
Kvinna sa i retten i dag at ho hadde både hukommelsestap og hovudverk etter at ho vart slått til blods av tiltalte. Ho var sjukemeldt i tre månader etterpå.
Bistandsadvokat Svein Erling Jensen seier at kvinna no kan vere med å sørge for at også andre prostituerte er sikra inntekt dersom dei vert skadde på jobben.