NRK Meny

Betre resultat for SR-Bank

Sparebank 1 SR-Bank hadde eit overskot før skatt på over 1,1 milliardar kroner for første halvår i år. Det er nesten 200 millionar kroner meir enn i same periode i fjor. Banken slepp å skrive ned verdien på utlåna sine så mykje som tidlegare. Det skuldast blant anna at fleire offshorerelaterte selskap har gjennomført restruktureringar. Aktiviteten i næringslivet elles har også teke seg opp, seier administrerande direktør Arne Austreid.