NRK Meny

Betre resultat for Sandnes Sparebank

Sandnes Sparebank hadde eit overskot før skatt på nesten 140 millionar kroner første halvår i år. Det er nesten 40 millionar kroner meir enn i same periode i fjor. Administrerande direktør, Trine Stangeland, seier dei har god drift, men skulle gjerne hatt høgare vekst. Banken ser utsikter til litt høgare økonomisk aktivitet i regionen framover.