NRK Meny
Normal

Betale eller ikkje. Det er spørsmålet.

Fire universitet i landet seier ja til å betala skulepengar for studentar som ikkje kjem frå EØS-land. I Stavanger er dei usikre. Det kostar i tilfelle UiS 95 000 kroner for kvar student.

Universitetet i Stavanger

Universitetet i Stavanger

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Marit Boyesen

Marit Boyesen er rektor ved Universitetet i Stavanger

Foto: Stian Skjerping / NRK

– Eg kan dessverre ikkje svare på kva UiS kjem til å gjere i denne saka nå.

Det seier Marit Boyesen, som er rektor ved Universitetet i Stavanger.

Høgre og FrP vil ha studieavgift

I forslaget til statsbudsjett får alle høgskular og universitet eit kutt. Regjeringa foreslår at dette vert dekka ved at studentar frå utanfor EU betalar 95.000 kroner i året for å studera i Norge.

Men ifølge Aftenposten seier rektorane ved fire av landets åtte universitet at dei heilt eller delvis vil droppe skulepengar ved sitt universitet dersom forslaget går igjennom. Det betyr å subsidiere utanlandske studentar med mange millionar kroner.

Usikker på økonomi

– Først må me i UiS ta ein intern gjennomgang og finne ut om me har råd til dette.

Slik står situasjonen for rektor Marit Boyesen ved Universitetet i Stavanger. Og ho er ikkje åleina om å tenke i dei banar.

Fire seier ja

– Det er ein stor sum som me gjerne skulle brukt på andre ting, men mitt forslag er at me ikkje innfører studentbetaling i 2015, seier rektor Mari Sundli Tveit ved Norges miljø- og biovitskapelege universitet (NMBU) til Aftenposten.

Også rektorane ved Universitetet i Bergen (UiB), i Oslo (UiO) og i Tromsø (UiT) seier dei er innstilte på å dekke heile eller delar av avgifta.