NRK Meny

BERISHA-BRØDRENE MED SCORING:

Både Valon og Veton Berisha frå Egersund har scora for klubbane sine i Tyskland og Austerrike i helga. Laurdag scora Valon Berisha det første målet for Salzburg då dei slo Mattersburg 2–1 i den austerrikske eliteserien. I andre Bundesliga i Tyskland scora Veton Berisha for Greuther Fürth i 2–2 kampen mot Bochum på sundag.