13. dag jul er unnagjort. Julepynten skal ut. Og snart hentar renovasjonen juletrea som lenge har lyst opp heimen.
Litt vemodig for nokon, kanskje.
Men nå skal fleire juletre leve vidare som edle dropar.
For dei skal nemleg bli til gin.
Flytande desemberlukt
– Mange synest gin smaker skog og tre, og det gav oss ein liten idé, seier Fred Berentsen.
Han driv Berentsen Bryggeri i Egersund saman med faren, Harald Berentsen.
– Dette blir ein gin som skal smake litt i preg av den gode granlukta ein får i desember, seier Fred.
Ein kreativ kveld førte til at Harald og Fred Berentsen kom opp med ideen om å lage gin av juletre.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKDet er ikkje første gong gran blir brukt i gin-produksjon, men dette skal bli ein annleis smaksprofil forklarer han.
– Me er spente på å sjå kor mykje god smak me kan få ut.
Stor gjevarglede
Gjevargleda og engasjementet er stort i Egersund, som er kjent som julebyen. Her var køen lang med folk som ville donere juletrea sine.
Ein av dei var Svein Nilsen, som tok med seg eit tre med historie.
– Dette har eg planta sjølv som unge. Nå har eg hatt toppen av det i stova nokre veker, og nå blir det levert til eit godt formål, seier Nilsen.
Harald Berentsen er takksam for den norske grana Svein Nilsen har hatt med seg. Han, og resten av gjevarane, kan få namnet sitt på etiketten.
Foto: Thomas Ystrøm / NRKTurid Garheim har også levert treet sitt. Ho synest det var greitt å få det ut av huset, og synest det var kjekt at ho kunne gje det vekk.
Turid Garheim donerer juletreet til gin-produksjon, sjølv om ho ikkje drikk det sjølv.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK– Det var ein god idé, eg trur dette blir bra.
Og femte og fjerde generasjon Berentsen er godt nøgd med oppmøtet av både folk og tre.
– Me gleder oss til å sjå kor mykje gin me kjem til å kunne produsere, seier Fred.
– Heilt unikt
Berentsen trur dei er dei første som bruker juletre i gin-produksjon.
– Me gjer dette som ei eiga greie, og synest dette var ein god idé, seier Harald som håper dette kan bli ein fast tradisjon for dei.
Gin-entusiast Bjørn Christian Finbråten tør ikkje seie kva som kan passe med juletre-gin før han får smakt på det sjølv.
Foto: privatHeller ikkje gin-entusiast Bjørn Christian Finbråten har høyrt om juletre-gin før.
– Det er heilt unikt. Det initiativet med å lage noko av lokale og kortreiste råvarer er veldig smart, seier han.
Finbråten står bak nettstaden altomgin.no saman med kona Anett Finbråten.
Og sjølv om juletre aldri har blitt brukt i gin-produksjon før, så er det absolutt ein marknad for det meiner han.
– Gin er i vekst. Noreg ligg litt etter resten av verda, men også her har ginen begynt å ta av. Sidan 2019 har utvalet av gin dobla seg på Vinmonopolet, og nå har dei nesten 400 typar gin inne, seier Finbråten.
Eit potensielt smakfullt juletre blir levert i Egersund. Men først må julepynten av.
Foto: Thomas Ystrøm / NRK