Hopp til innhold

Beredskapen i fjellet kan bli svekka av koronatap

Lokale Røde Kors-lag har rapportert om eit inntektstap på 45 millionar kroner ut september i år. I Sirdal kan det føra til to færre snøskuterar i beredskap i vinter.

Leteaksjon i Sirdal

Frivillige frå Røde Kors under ein leiteaksjon i Sirdal i 2011.

Foto: Øivind Eskedal / NRK

– Det er ein alvorleg situasjon. Det kan bli veldig lange avstandar til nærmaste skuterhjelp, og av erfaring veit me at det ofte er for dårlege vêrforhold til å setja inn helikopter, seier Rune Larsen.

Han er leiar for Sandnes Røde Kors Hjelpekors, som står for delar av beredskapen i den populære fjellkommunen Sirdal. Fram til i vinter har dei hatt to snøskuterar stasjonert på hytta si på Sinnes i Sirdal kommune.

Desse har vore viktige i mange leiteaksjonar, men høge krav til redningsutstyr gjer at dei har blitt for gamle.

Og nå har koronapandemien gjort det vanskeleg å kjøpa nye.

Rovere hentet en uheldig skiløper på fjellet

Her er Røde Kors i aksjon saman med Roverspeidarane under ein redningsaksjon i Sirdal i 2015.

Foto: Ivar Anton Nøttestad

Har tapt 45 millionar kroner

Tidlegare har NRK fortalt at heile Røde Kors-organisasjonen i Noreg har tapt om lag 100 millionar kroner på den avlyste festivalsommaren.

Nesten halvparten av dette tapet er det lokallaga som har hatt.

Kommunikasjonsdirektør i Røde Kors, Øistein Mjærum.

Øistein Mjærum er kommunikasjonsdirektør i Røde Kors.

Foto: Røde Kors

– Lokalt og på distriktsnivå er det rapportert inn eit tap på om lag 45 millionar kroner ut september. Det er ganske dramatiske tal, seier Øistein Mjærum, som er kommunikasjonsdirektør i Røde Kors.

Mykje av inntektstapet vil bli utbetalt gjennom regjeringa sine krisepakkar, og gjennom ordningar internt i Røde Kors der lokallag kan søka sentrale pengar.

– Men det vil ikkje vera slik at støtte- og kompensasjonsordningane vil dekka tapet heilt, seier Øistein Mjærum.

Han viser til at dei ikkje veit nøyaktig kva type tap som blir dekka gjennom krisepakka, som har søknadsfrist 15. september. Dessutan kjem pakka maksimalt til å dekka 70 prosent av tapet.

Røde Kors på landstreffet

Russen sitt landstreff i Kongeparken og sykkelrittet Nordsjørittet, som begge blei avlyst, står for det største innhogget i økonomien til Sandnes Røde Kors.

Foto: Kristoffer Møllevik / NRK

Har oppretta spleis

Også Mjærum seier at dette kan føra til utfordringar med fornying av utstyr.

– På kort sikt opplyser alle om at dei klarer å halda oppe beredskapen, men allereie neste år kan dette få konsekvensar. Det kan vera at dei ikkje får fornya utslite utstyr, det kan vera utfordringar med å få trent opp nytt mannskap eller det kan vera kurs for mannskap som treng det, seier Mjærum.

Vinteren 2014 i Sirdal

Sandnes Røde Kors si hytte på Sinnes i Sirdal.

Foto: Anne-Lise Kluge / Røde Kors

For Sandnes Røde Kors hastar det.

Dei nye skuterane dei vil kjøpa har ei leveringstid på tre månadar. Derfor tar dei seg ikkje tid til å venta på kompensasjonsordningar.

– For første gong har me oppretta ein spleis. Håpet er at skuterane skal bli finansierte av vanlege folk og bedrifter, seier Rune Larsen.

Han meiner at det er avgjerande for at beredskapen ikkje skal bli svekka i vinter.

– Slik situasjonen er nå er det ingen skuterberedskap hos oss i år. Dermed er det skuterberedskapen i Solheimsdalen, Hunnedalen og Ådneram som vil vera nærmaste skuterhjelp, seier han.

– Det er all grunn til å tru at dette er eitt av fleire eksempel på akutte behov for nytt utstyr, seier Øistein Mjærum.