Planen er å danna eit tilsette-fond som er med på den planlagte aksjeutvidinga.
Klubben ved Kværner Rosenberg går sjølv inn og kjøper aksjar for ein million kroner. Forutsetninga er at ingen av aksjonærane får kontroll over konsernet.
Oppmodinga vert støtta av klubben ved Kværner Egersund.
Det er tilsaman 2400 Kværnertilsette i Rogaland.
Klubbleiar Einar Risa, Kværner Rosenberg
Klubbleiar Einar Risa ved Kværner Rosenberg oppmodar no alle dei tilsette om å kjøpa sitt eige selskap på billigsal.
- Om vi ikkje gjer noko no, ryk dette for oss seier Risa.
.