Hopp til innhold

Ber Rogaland busette 400 mindreårige

Kommunane i Rogaland blir bedne om å skaffe nye heimar til nesten 400 mindreårige asylsøkjarar neste år. – Då må staten betale meir, svarer ordførarar og KS.

Mange barn feirer jul etter jul på asylmottak.

Utlendingsstyresmaktene er særleg opptekne av å få busett de einslege, mindreårige som får opphald i Norge.

Foto: Arkivfoto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

– Me har teke imot mindreårige asylsøkarar tidlegare, og me har veldig gode erfaringar med det, men økonomien oppi dette er veldig utfordrande for oss, seier ordførar i Rennesøy, Dagny Sunnanå Hausken.

Økonomi er også hovudgrunnen til at Rennesøy i denne omgangen berre seier ja til 20 nye flyktningar neste år, sjølv om de er bedne om å ta imot 35, og av dei 10 mindreårige.

Dagny S. Hausken

Ordførar i Rennesøy Dagny S. Hausken seier det er utfordrande å ta imot så mange som dei har blitt bedne om.

Foto: NRK

– Det er mykje fordelt på 5000 innbyggjarar, me tek allereie imot mange flyktningar i forhold til innbyggjartalet vårt, seier Sunnanå Hausken.

Fleire er skeptiske

Totalt har styresmaktene bedt kommunane i Rogaland om å ta imot om lag 1500 asylsøkarar neste år, av desse er 400 mindreårige.

Haugesund er bedt om å ta imot 105 asylsøkarar, av dei skal 30 vera mindreårige. Men ordføraren er usikker på om dei kan handtere det.

Arne-Christian Mohn

Ordførar i Haugesund, Arne-Christian Mohn seier det trengst meir pengar frå staten.

Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK

– Me har allereie vedteke at me skal ta imot 95, så i utgangspunktet så er det berre ti til. Men fordi me har blitt bedne om å ta imot 30 mindreårige, så er me litt usikre på om me greier det. Me har ikkje gjort det før, seier ordførar i Haugesund, Arne-Christian Mohn.

Førebels har dei berre sagt ja til å ta imot åtte mindreårige. Greier dei å handtere det, vil dei vurdera å ta imot fleire. Men også han poengterer at det er økonomien i det som er den største utfordringa.

– Me er ein ROBEK-kommune og me har veldig lite armslag økonomisk. Og det er ikkje fullfinansiert å ta imot mindreårige, slik det er med vaksne, seier Mohn.

Vil ha fullfinansiering

Han ynskjer fullfinansiering av mindreårige asylsøkarar, og han før støtte frå kommunane sin interesseorganisasjon, KS.

– For om lag to år sidan vart refusjonen for barnevernstiltak redusert frå 100 til 80 prosent, og det gjer at kommunane taper mykje på dei som trenger omfattande tilbod, seier spesialrådgjevar i KS, Nina Gran.

Med meir pengar frå staten har ho trua på at kommunane vil greie å busette dei asylsøkarane som dei no er bedne om å ta imot.

– Når me ser kor enormt mange fleire kommunane har greidd å busette dei siste åra, så har eg stor tru på at dei også vil klare å ta imot det aukande talet på asylsøkarar som kjem dei neste par åra også, seier Gran.