Hopp til innhold

Ber om tips etter utforkøyring

Politiet leitar framleis etter personen som sprang frå staden etter utforkøyringa i Sokndal. Det snør og sluddar i området, noko som aukar risikoen dersom føraren av bilen er skadd, melder politiet. Dei ber folk i nærområdet om å halda utkikk og melde observasjonar på telefon 02800.