Politiet meiner det er fare for gjentaking og forspilling av bevis i saka der ein mann i 20-åra er arrestert og sikta for ulovleg oppbevaring av våpen.
Fengslingsmøtet starta i Stavanger fredag klokka 12.
Fredag ettermiddag blei det klart at Sør-Rogaland tingrett har konkludert med at mannen må bli lauslaten.
Retten har likevel gitt avgjersla såkalla utsettande verknad, det vil seie at den sikta må bli sittande i fengsel fram til lagmannsretten har behandla anken.
Politiet har allereie anka, seier politiadvokat Christine Kleppa til NRK.
Delte høgreekstremt innhald
Den sikta mannen nektar straffskuld. Forsvararen hans, Odd Rune Torstrup, bad i fengslingsmøtet om at klienten hans blir lauslaten.
– Han er i sjokk over å på ny bli pågripen, seier Torstrup til NRK.

Odd Rune Torstrup er forsvararen til mannen i 20-åra.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKMannen har nyleg sona ein dom på over eitt år. Eitt av hovudpunkta i dommen handla om innføring av våpendelar frå Tyskland til Noreg.
Tollvesenet beslagla ei rekke våpen i bilane til den sikta og ein annan mann han reiste saman med. Det blei også funne eit naziflagg i den eine bilen.
Tollvesenet tok bilde av dette beslaget i Kristiansand i fjor.
- Les òg:






I dommen skriv retten følgjande om våpena:
«Det er tale om et stort antall våpen som enkelt kan gjøres funksjonsdyktige, og slik retten vurderer det er tiltalte sterkt å bebreide for å ha innført våpnene uten tillatelse.»
Torstrup seier at fleire av dei nye beslaga som nå er gjort, er ting han allereie hadde då han blei dømt førre gong. Derfor har han tenkt at det er greitt å ha desse gjenstandane.
– Han har gitt uttrykk for at dette er gamle forhold, og at våpena som er beslaglagde, er deaktiverte. Han meiner derfor at det ikkje er straffbart i det heile tatt, seier forsvararen.
Ein dag i fridom
Den sikta kom ut frå fengsel onsdag og vart arrestert på nytt på torsdag.
Ifølgje Torstrup hadde ikkje klienten hatt tid til å gjera lovbrota som han nå er sikta for.
– Det ingenting som underbyggjer at han har gjort noko aktivt etter lauslatinga.
Politiet har funne sprengstoff hjå den sikta. Torstrup peiker på at dette er gamle ting som høyrer til ein nær slektning.
– Eg har bedt politiet om å sikre DNA frå dette sprengstoffet, seier han.
Torstrup er nøgd med tingretten si avgjersle om at mannen må bli sett fri. Han ventar nå på avgjersla frå lagmannsretten.
Har delt høgreekstremt innhald
Torsdag var både militære og politi på ei adresse på Nærbø i Hå kommune og gjennomførte ei ransaking i samanheng med saka.

Både Forsvaret og politiet var til stades på adressa som blei ransaka i går.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKDei har vore knappe med opplysingar i saka, men i ei pressemelding opplyste dei at mannen på ny var sikta for ulovleg omgang med våpen.
Ifølgje vitne skal det ha vore politi på adressa over lengre tid.
Politiet etterforskar nå om den sikta har skaffa seg våpena nyleg. Dei har gjort omfattande beslag, ifølge politiadvokat Christine Kleppa.
– Vi etterforskar nå om noko av dette også er vurdert av politiet tidlegare, seier politiadvokaten.
– Men det er grunn til å tro at det ikkje er det. Det er mellom anna funne skarpe patroner og eksplosiv, seier Kleppa.
Den sikta har også delt høgreekstremt innhald i sosiale medium.
Bilda som Filter Nyheter har funne i sosiale medium, syner at mannen har ei interesse for våpen og effektar knytt til 2. verdskrig, og særleg tyske.
Etter det NRK får opplyst er dei høgreekstreme interessene til mannen i 20-åra godt kjende for politiet frå før.












