Ber folk fjerna snøen frå hyttetaka

I Sirdal er det kome store snømengder den siste veka. Med mildvêr og regn blir snøen veldig tung, og då kan det vera lurt å fjerna den før hyttetaket ditt får for tung last.

– Det er kome veldig masse snø den siste veka. Me har fjerna snø frå tak, yttergangar og terrassar og eg trur folk begynner å bli litt leie, seier Linn Skåre, dagleg leiar i Sirdalsferie, til NRK.

Med ein meter snøfall den siste veka og om lag ein meter med snø frå før, betyr det at det er over to meter med snø i Sirdal. Fredag er det mildvêr og litt regn i skibygda i Vest-Agder.

Ber folk finna fram snøskuffene

Oppfordringa til hytte- og campingfolket i Sirdal blir derfor enkel:

– Eg vil be folk komma opp og spa snø av taka. Med regnet som nå er kome, kan snøen bli veldig tung. Det er absolutt ein fordel å fjerna litt av snøen, seier Skåre.

Neste veke er det meldt om fleire minusgrader i Sirdal. Det gjer at det kan vera lurt å fjerna snøen før frosten kjem, ifølge Skåre.

Ho ber også folk om å vera obs på snøskredfaren i fjellet. I Rogaland er det betydeleg snøskredfare laurdag, ifølge varsom.no.

– Det er om å gjera å halda seg mest innføre løypene, og ikkje køyra så mykje utanom.

Nedsnødd fjellbutikk

I Fjellbutikken på Suleskar har dei nesten blitt nedsnødd dei siste dagane. Når fylkesveg 45 Hunnedalsvegen er stengt tar det litt lenger tid med vareleveransane, men butikken lir førebels ingen naud.

– Me får varene nokre timar seinare, men det går greitt. Nå håpar me det kjem mykje folk til fjells, seier Anne May Sirekrok i Fjellbutikken.

Men det er ikkje berre i Sirdal det er mykje snø. I Røldal er det også store mengder med snø, 2-2,5 meter i løypene i skianlegget. Der snøen har blåst i fenner er det endå meir.

I Svandalen i Sauda er det 120 cm snø nede i skianlegget og 150 cm oppe på toppen.