Ber dei unge velje yrkesfag i krisetider

Nedgangstider og auka arbeidsløyse gjer at 10.-klassingane i Rogaland blir oppfordra til å søka yrkesfag. Men ungdommane sjølv seier dei ikkje lar seg påverka av krisetidene.

Gosen elevar

Hans August Kårvik (t.v.), Andreas Jacobsen og Torbjørg Sandvik lar ikkje krisetidene i Rogaland påverka utdanningsvalet. Ein har valt studiespesialisering, to yrkesfag.

Foto: Magnus Stokka

1. mars går fristen ut for å søka vidaregåande opplæring. Det betyr at det er få dagar igjen for dei som ikkje har bestemt seg.

– Mitt hovudråd er at alle bør vurdera om eit yrkesfagleg utdanningsprogram er rett veg, seier opplæringsdirektør i Rogaland fylkeskommune, Joar Loland.

Loland grunngir dette med at det er gode sjansar for jobb med fagbrev, i tillegg til at fleire lukkast første året på yrkesfag enn på dei studieførebuande faga.

Ei undersøking NHO Rogaland har gjort viser også at sju av ti bedrifter i Rogaland treng nye tilsette med fagbrev i løpet av dei neste fem åra.

– Kva har dei dårlege tidene på arbeidsmarknaden å seia for ditt råd?

– Dei dårlege tidene har vist at dei som først blir sagt opp er dei utan formell utdanning, så rådet mitt blir; begynn på ei utdanning og fullfør.

Nedgang for yrkesfaga

Joar Loland, direktør for opplæring i Rogaland fylkeskommune

Joar Loland, opplæringsdirektør i Rogaland fylkeskommune.

Foto: Lise Andreassen Hagir / NRK

På sju år, frå 2008-2015, har delen som vel yrkesfag på vidaregåande i Rogaland gått ned med ni prosentpoeng. Frå 60 prosent i 2008 til 51 prosent i 2015.

Men dei som alt nå siktar seg inn på høgare utdanning bør velja ein av dei studieførebuande retningane, meiner Loland.

– Og der er vala utvida frå tre til fem. Det er to spanande, nye studieførebuande utdanningsprogram frå hausten av. Det er media og kommunikasjon og kunst, design og arkitektur.

Lar ikkje avisoverskrifter styra

Erik Thomsen

Erik Thomsen, rådgivar ved Gosen skole.

Foto: Magnus Stokka

På Gosen skole i Stavanger er 10.-klassingane opptatt av kva dei skal gjera neste skuleår. Men elevane NRK snakkar med har ikkje latt negative meldingar om arbeidsmarknaden blitt styrande for deira retning.

– Eg tenkte ikkje på det då eg bestemte meg. Eg skal ta vanleg studiespesialisering fordi eg synst dei teoretiske faga er kjekkast og på grunn av at eg vil halda alle vegar opne, seier Hans August Kårvik.

– Eg valde elektrofag fordi eg likar dei praktiske tinga best og fordi eg trur det er jobbar der ute. Det som står i avisene blei ikkje avgjerande for meg, seier Andreas Jacobsen.

Alle får fullføra løpet

Rågivar på Gosen, Erik Thomsen, meiner den forandra arbeidsmarknaden er eit viktig bakteppe for vala.

– Likevel trur eg mange tenker at arbeidsmarknaden kan forandra seg i løpet av åra på skule. I tillegg trur eg interesser, anlegg og hobbyar er viktige for utdanningsvalet.

Til dei som nå vurderer yrkesfag, men som er redde for å ikkje få læreplass, påpeikar opplæringssjefen at Fylkeskommunen er forplikta til å sørga for at alle skal få fullføra det løpet dei tok til på – sjølv om det i periodar ikkje er nok læreplassar.