Bent Høie vil bli fylkesmann i Rogaland

Bent Høie har søkt ny jobb i dag. Men helse- og omsorgsministeren startar ikkje før hausten 2021, om han får jobben.

Tar ikke gjenvalg for Høyre til valget i 2021

Bent Høie har søkt på jobb som fylkesmann i Rogaland

Helse- og omsorgsministeren stiller dermed ikkje til attval for Høgre i 2021.

– I 2021 har eg vore over 20 år på Stortinget, og det er difor på tide å sleppa andre til. Embetet som fylkesmann i Rogaland er også ein unik moglegheit til å fortsetja jobben for heimfylket mitt, men i ein annan rolle. Difor søker eg dette embetet no, seier Høie.

Høie held fram som statsråd ut perioden.

– Eg held fram som helseminister, og blir sitjande i regjering så lenge statsministeren ønsker det. Arbeidet med å skapa pasienten si helseteneste har aldri vore meir givande, og mykje er framleis ugjort. Eg gler meg til å jobbe vidare med det, seier Høie.

Bent Høie i juni 2018

Frå 2021 kan Helse- og omsorgsministeren bli fylkesmann i Rogaland.

Magnhild Meltveit Kleppa sluttar som fylkesmann i Rogaland november i år, etter fem år i embetet.

Statsminister Erna Solberg (H) seier til NTB at ho gjerne ønsker at Høie held fram.

– Bent gjer ein svært god jobb med å skapa pasienten si helseteneste, og eg er glad for at han er motivert for å fortsette i jobben. Bent har vore min nestleiar i Høgre i ei årrekke. Han har vore ei sentral brikke for at Høgre har utvikla ein moderne helsepolitikk, og vunne to stortingsval på rad, seier Solberg.

Får konkurranse

Høie leverte jobbsøknaden i dag og seier til NRK at han aldri har vore på jobbintervju før.

– Det næraste eg har vore eit jobbintervju er i samtale med statsministeren, seier Høie og ler.

Han håpar likevel at han får jobben.

– Eg veit ikkje kven andre som søker, men eg har lyst på jobben, og eg håpar at eg får den.

Halvportrett av barne- og likestillingsminister Solveig Horne.

Stortingsrepresentant Solveig Horne har også søkt på jobben som fylkesmann i Rogaland.

Foto: Alexander Nordby / NRK

Høie får mellom anna konkurranse frå tidlegare statsråd Solveig Horne.

Horne gjekk av som barne- og likestillingsminister i januar etter å ha vore statsråd sidan oktober i 2013.

Horne, som sit i justiskomiteen på Stortinget i dag, har erfaring frå kommunal-, fylkes- og stortingspolitikken sidan 1990-talet.

– Eg visste at han hadde tenkt på å søka på jobben. Det er sikkert mange kvalifiserte søkjarar på ein slik jobb. Men når eit slik høve kjem må ein søka, seier Horne til Stavanger Aftenblad.