Hopp til innhold

Høie held skeiv preike i kyrkja: – Vi kan bli endå meir fargerike

Bent Høie har stått på mange pressekonferansar, men aldri på ein preikestol – før i kveld. No skryt han av kyrkja sitt forhold til skeive.

Bent Høie preikar under Skeiv messe på Skeivå Rogaland pride 2022.

Sjå heile preika til Bent Høie i St. Petri-kyrkja.

– Har vi først opplevd fargar, vert svart-kvitt aldri det same igjen, sa Bent Høie.

Det fargerike var tema då han onsdag heldt preike i St. Petri-kyrkja i Stavanger under Skeiv messe.

Messa er ein tradisjon i domkyrkja i Stavanger, men for statsforvaltar og tidlegare helseminister Høie var det første gong han talte i eit gudshus.

Han meiner kyrkja har skapt problem for skeive før, men at dei dei siste åra har betra seg veldig.

– Dei tek imot alle, og det er fantastisk.

Soknepresten er glad for skrytet, men seier dei framleis har ein veg å gå.

Bent Høie står på preikestolen i St. Petri under Skeiv messe i 2022

Bent Høie si preike handla om det fargerike fellesskapet, og gjekk ut ifrå bibelversa der Gud lagar og syner regnbogen til Noah etter syndfloda, 1. Mos 9:12-14+16.

Foto: Kristoffer Apall / NRK

Ei tradisjonsrik messe

No er Skeivå, den største pride-festivalen i Rogaland, i gang. Som tidlegare år, vert det arrangert Skeiv messe i kyrkja.

Høie meiner det er viktig at skeive, som han, kan finne ein stad i gudshuset.

– Kvifor er mange skeive opptekne av at kyrkja, som har fordømt dei i mange år, skal anerkjenne dei?

– Det er fordi at der og er mange skeive som trur. Trua er ein viktig del av deira liv. Det å då ikkje få lov til å bli inkludert i det fellesskapet vert opplevd som veldig diskriminerande, svarar Høie.

Trass i at skeive i Den norske kyrkja til tider er kontroversielt, har fleirtal av dei tilsette, ifølgje ei undersøking gjort av Kyrkjerådet, positive haldningar til skeive.

– Det er jo, etter mi oppfatting, i tråd med den trua som ein formidlar i kyrkja, seier Høie.

Les også Ny rapport om haldningar til skeive: – Vi har framleis ein veg å gå

Pride tog i Bodø.

Ei balanseøving

Sokneprest Øivind Holtedahl er glad for at Høie skal tale på gudstenesta.

– Alle menneske, uansett kven vi er, treng å få bekrefta at vi er elska, nett som vi er. Uansett legning, kjønn eller alder er det eit behov vi menneske har.

Han seier skeive i lang tid har vore utsett for diskriminering og mange vonde ting, også i kyrkja.

– Då er det endå viktigare at kyrkja seier, høgt og tydeleg, at de er velkomne og her er vi saman på like vilkår. Her er det ikkje forskjell på folk, seier Holtedahl.

Øivind Holtedahl

– Lokalt har dette på mange måtar vore ei sjølvfølgje. Samstundes har vi stadig vekk fått påminningar om at dette ikkje er ei sjølvfølgje. Dette er eit arbeid som er viktig å halde fram med og ta vare på, seier sokneprest Øivind Holtedahl.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Likevel er han viss på at der må vere plass til dei som har andre meiningar om å ta imot mellom anna homofile som vil vigsle seg i kyrkja.

– Utfordringa vår er å finne måtar å handtere usemja på der vi gjer rom for å vere usamde, men der vi klarar å behalde respekten og verdien til dei skeive som vi snakkar om.

Soknepresten seier han av og til opplever at skeive vert gjort om til ei sak eller ein ideologi, at det menneskelege vert borte.

– So er det det å balansere. Å finne ein måte å formulere seg på der ein heile vegen tenkjer på at ein snakkar om menneske sine liv, at ein har det med i samtalen, seier han.

Ny rapport: Éin av fem LHBT-personar i Den norske kyrkja har opplevd diskriminering

Petter Dille

Kampen er ikkje over

Trass i at Høie skryt av kor langt Den norske kyrkja er komen, er han ikkje i tvil om at kampen er langt frå over.

– Kvar gong folk ber oss dempe fargane eller halde attende so nærar det opp under den type standpunkt som det terroristen i Oslo hadde, seier han.

Han meiner at mellom anna transpersonar fortener å bli løfta opp av det skeive miljøet.

– Homofile som ser ut som meg og oppfører seg som meg; vi har det eigentleg veldig godt i Noreg og opplev veldig lite problem. Vi må ikkje dra stigen opp etter oss, vi må vere med og ta kampen med dei som faktisk starta kampen på Stonewall Inn.

– Vi kan bli endå meir fargerike, og det er det som vil gjere samfunnet vårt endå flottare, seier Høie.

Les også Kyrkja reklamerer for homobryllaup på Snapchat

Tanum kirke.