NRK Meny
Normal

Bent Høie besøkte Raudekrossen i påskefjellet

Raudekrossen har 1.200 frivillige i beredskap no i påska. I dag besøkte helseministeren organisasjonen sin base på Stavtjørn, for å takka dei for jobben dei gjer.

Bent Høie hos Røde Kors

Bent Høie besøkte Raudekrossen sin base på Stavtjørn i dag. Han hadde med seg eitt påskeegg som takk for innsatsen.

– Eg hadde lyst til å gi dei eit påskeegg, som takk for innsatsen Raudekrossen gjer over heile landet no i påska, fortel helseminister Bent Høie.

Han er på Raudekrossn sin base på Stavtjørn. Det er ein av dei mange vaktstasjonane til Raudekrossen som er bemanna no i påska. Høie rosar den jobben dei gjer.

– Den er veldig viktig. Mange reiser til fjells i påska, og då er me langt vekke frå der me vanlegvis har beredskap i Noreg. Det kan skje ulykker, og dessverre har det også vore nokre alvorlege ulykker denne påska, og då er det viktig at me har beredskap tilgjengeleg, seier Høie.

– Det er veldig kjekt at han tek seg tid til å koma hit i påska. At dei sett pris på den jobben me gjer, gjer oss krye, seier vaktleiar ved Raudekrossen-basen på Stavtjørn, Ingvar Undheim.

Færre oppdrag så langt i år

Raudekrossen har om lag 1200 frivillige i beredskap, på 150 vaktstasjonar rundt om i landet. Frå laurdag og fram til i dag har dei rykka ut på 83 oppdrag. Fire av dei i Rogaland.

– Det er mindre enn i fjor, men det er ikkje overraskande. I fjor var det mange oppdrag, og i år er det sein påske, seier kommunikasjonssjef i Raudekrossen, Geir Arne Bore.

Dei som er i beredskap på basen på Stavtjørn har så langt hatt ei roleg påske.

– Her har det vore svært roleg. Det har ikkje vore nokre skadar, men derimot mange blide folk, seier Undheim.

Nytt hjartestartarregister

Men dersom uhell og ulykker skulle skje, er dei klare til å rykka ut. Og i år har beredskapen i fjellet blitt styrka ytterlegare.

På basen på Stavtjørn har dei nemleg ein hjartestartar, og i dag blei den registrert i det nye hjartestartarregisteret, 113.no, som blei lansert måndag.

Hjertestarter

Slik ser hjartestartaren ut. Den finst på fleire hytter i den norske fjellheimen.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det finst fleire hjartestartarar rundt om i den norske fjellheimen, men no får ein oversikta over kvar dei finst.

– Hjartestartarregister skal forhåpentlegvis bidra til at me får brukt fleire av desse hjartestartarane som finst rundt om i landet, slik at når ein ringer 113 så vil ein få informasjon om kvar den nærmaste hjartestartaren er, og det aukar sannsynet for å redda liv, seier Høie.