Hopp til innhold

Prisen opp med over 60 prosent, men forbruket er nesten det same

Medan diesel og bensin er blitt over 60 prosent dyrare det siste året, fyller nordmenn tanken nesten like mykje som før.

bensinpris steinkjer

Prisen på bensin og diesel har blitt over 60 prosent dyrare det siste året, men det stoppar ikkje nordmenn frå å fylla tanken som før prisstiginga.

Foto: Tariq Alisubh

I juni kosta ein liter bensin i snitt 26 kroner og ein liter diesel 25 kroner. Det er over 60 prosent meir enn same månad i fjor.

Likevel kjøpte nordmenn nesten like mykje drivstoff som året før: 4,3 prosent mindre bensin og 2 prosent mindre diesel.

Det syner nye tal frå SSB.

– Om ein ynskjer å kutte i matbudsjettet sitt kan ein gå for billegare alternativ eller handle mindre frå ein dag til ein annan. Folk er og berre eit par tastetrykk unna å kutte sydenturen om økonomien er tøff. Men bilkøyring er vanskelegare. Bilen er vove inn i liva våre på ein helt annan måte, seier forbrukarøkonom Thea Olsen i Danske Bank.

Trur tala kan lyge

Thea Olsen i Danske Bank

Thea Olsen er forbrukarøkonom i Danske Bank.

Foto: Danske Bank / Sturlason

Ho trur likevel at tala kan lyge.

Ifølgje Olsen er det grunn til å tru at ein del fleire har feriert med bilen i år på grunn av høg inflasjon og at ferieturar generelt sett har blitt dyrare. I tillegg har streiken i SAS gjort at mange har tatt rattet fatt for å kome dit dei skal.

– Eg hugsar knapt ein ferie der eg har køyrt så mykje som eg har gjort dei siste vekene. Dermed er det mogleg at nordmenn har justert noko meir på rutinane sine enn statistikken viser, seier ho.

Korona-sparepengar

Oddmund Berg, makroøkonom hjå DNB, er einig. Han meiner at drivstoff er ein vare det er vanskeleg å bruke mindre av.

I tillegg peikar han på at nordmenn under pandemien sparte mykje meir pengar enn vanleg.

– Sjølv om prisane går opp, so har ein ein del pengar å ta av for å tole den prisoppgangen som har vore til no, seier Berg.

Makroanalytiker i DNB Markets, Oddmund Berg.

– Om alle postane på budsjettet ditt stig i pris, so tek du kanskje litt av sparepengane for å ha råd til det i byrjinga, men so må du etter kvart kanskje byrje prioritere, for du ser det vert mindre og mindre på bufferkontoen, seier Oddmund Berg.

Foto: Stig B. Fiksdal / Stig B. Fiksdal

Han meiner at mange nordmenn gjerne kan ta ein støyt for dyrare mat, drivstoff og straum ved å bruke av bufferkontoane sine utan å redusere mykje på forbruket sitt.

– So er det klart at om prisveksten fortset og fortset og ein ikkje vert kompensert i lønningane, vil ein før eller sidan måtte byrje gjere val, seier økonomen.

Les også: Prissjokket ved pumpene kan vere over

Bilde av pris på drivstoff
Bilde av pris på drivstoff

Han seier vidare at hushaldningane i Noreg, i det store biletet, framleis har ein økonomi som er sterk nok til å tole prisendringane vi har sett i det siste.

– Spørsmålet er: Kor lenge kan me tole ein prisvekst som er sterkare enn lønsveksten vår? Då snakkar me, meir på veg inn i neste år, om at det kan bli vanskeleg å halde oppe forbruket med den prisveksten som har vore.

– Smertegrensa er nådd

Olsen i Danske Bank trur smertegrensa til nordmenn allereie er nådd.

– Ola og Kari har for lengst begynt å revurdera køyring av bensin og dieselbilane sine. Me er meir bevisste no på kva literprisen er når me fyller, seier ho.

Likevel trur ho at dei auka drivstoffprisane ikkje svir like mykje som cocktailen av alle andre prisar som stig.

– Det kan hende folk bryr seg litt mindre om drivstoffprisane enn dei auka rentekostnadane. Men at det diskuterast alternative løysningar rundt dei 1000 kjøkkenbord, er eg sikker på, seier Olsen.

Fleire elbilar kan også bidra

Mengda elbilar i Noreg går stadig oppover. Mellom 2020 og 2021 vaks andelen med over 35 prosent, syner tal frå SSB.

Av alle nye bilar som vart registrert i fjor var to av tre elbilar.

Nokre stadar i landet kan brukte elbilar seljast med forteneste, fordi etterspørselen er stor og leveringstida på nye bilar lang.

Berg trur at den auka andelen elbilar og meir effektive fossile bilar også kan bidra til at færre liter drivstoff vert omsett.

Les også: Ukrainarar kjøper norske elbilar på grunn av krigen

Ukrainarar skubbar bilen sin som er tom for drivstoff
Ukrainarar skubbar bilen sin som er tom for drivstoff

Flere nyheter fra Rogaland