Hopp til innhold

Rullestolen er inga hindring. Benedicte skal bli frisør

Første i Noreg, tredje i verda. Benedicte Tønnessen (20) skaper historie når ho tek frisørutdanninga.

Benedicte Tønnessen er første rullestolbrukar i Noreg som tek frisørutdanning

Alt går, så lenge du har rett hjelpemiddel, meiner Benedicte Tønnessen.

Foto: Marie Håland / NRK

Benedicte Tønnessen trudde barndomsdraumen var over då ho i 10. klasse hamna i rullestol.

Korleis kunne ho ta frisørutdanninga no?

– Først så tenkte eg at det ikkje går, men så har eg sett at andre har fått det til. Så kvifor ikkje, tenkte eg.

Benedicte Tønnessen er første rullestolbrukar i Noreg som tek frisørutdanning

Tønnessen synest alt med hår og forandring er gøy. No gleder ho seg til å straks ha praksis i ein frisørsalong på Jæren.

Foto: Marie Håland / NRK

Men det er ikkje mange ho har sett. Ho veit berre om to andre rullestolbrukarar i verda som har gjort det same.

Det vil seie at ho mest sannsynleg er den tredje i verda, og aller første i Noreg som tek frisørutdanninga i rullestol.

– Det er kult. Eg trur ikkje mange andre har tenkt at det har vore mogleg.

Godt signal til andre

– Dette er eit godt signal til andre med funksjonsnedsetting, seier Anne Mari Halsan.

Ho er administrerande direktør i Norske frisør- og velværebedrifter (NFVB) og har heller aldri høyrt om nokon i rullestol i Noreg som tek frisørutdanninga.

Men det er eit fag som fint kan gjerast sittande, meiner ho.

– Så det er ikkje noko god grunn til at ikkje fleire gjer det. Eg håper Benedicte blir kulturberaren no.

– Vil bane veg for fleire

Og det kan hende at Tønnessen vil bane veg for fleire som går med same draum i magen, men som ikkje trur det går an.

Det trur i alle fall Wenche Bærheim, kontaktlæraren til Tønnessen på Godalen vidaregåande skule i Stavanger.

Benedicte Tønnessen er første rullestolbrukar i Noreg som tek frisørutdanning. Her med lærer Wenche

Kontaktlærar Wenche Bærheim seier at dei er ein dyktig gjeng som brenn for faget, og at både skulen og medelevar hjelper til i kvardagen.

Foto: Marie Håland / NRK

– Det går om du vil det nok. Og viss dei brenn for faget, så tek me dei i mot alle saman uansett.

Likevel var ho litt nervøs då ho høyrde om den nye eleven sin.

– Me lurte på korleis det skulle gå, og om det var godt nok tilrettelagt. Men så kom Benedicte og var sjølvhjelpen og positiv. Då vart me einige heile gjengen om at dette får me til.

Må ha god tilrettelegging

For god tilrettelegging er essensielt for elevar med funksjonsnedsetting.

Berit Therese Larsen, FFO, Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon, interessepolitisk leder

Universell utforming på skulen er også viktig for å unngå at elevar droppar ut, meiner Berit Therese Larsen i FFO.

Foto: Lars Opstad / Lars Opstad

Berit Therese Larsen i Funksjonshemmedes Fellesforbund (FFO) viser til ei undersøking gjort i 2014 (ekstern lenkje) som seier at 64 prosent av barn med funksjonsnedsetting ikkje fullfører vidaregåande. For dei resterande elevane er det 18 prosent.

– Derfor er rettleiing, rådgiving og det å sjå at eleven kan få det til, viktig, seier Larsen.

Ho synest det er bra at verda går framover og at nokon tenkjer nye moglegheiter.

Benedicte Tønnessen er første rullestolbrukar i Noreg som tek frisørutdanning

Det går fint, synest Benedicte Tønnessen, men det er enkelte utfordringar knytt til rullestolen. Mellom anna uthald, som gjer at ho ikkje kan jobbe meir enn 50 prosent. Pausar blir dermed ekstra viktige for henne i arbeidslivet.

Foto: Marie Håland / NRK

– Eg trur absolutt at Benedicte er eit forbilde. Alle som går føre opnar perspektiv til andre, og når ein ser at det går, er det inspirerande og motiverande.

Dette er ord som får den framtidige frisøren til å smile.

– Det er kjekt å høyre at eg kan vere eit forbilde. Eg håper at fleire kan gjere dette òg. I alle fall dei som verkeleg brenn for det.