NRK Meny

Beit polititenestemann

Klokka halv fire i natt yppa ein 21 år gamal mann til bråk i Haugesund. Han fekk beskjed om å forlata sentrum, men ville ikkje det. Politiet fekk til slutt sett han i arresten, men det var først etter at han både hadde bete ein polititenestemann, og gjort skadeverk på ei dør på politibilen. 21-åringen er meld til politiet for trugslar.