NRK Meny
Normal

Oljebedrifter er tause om kutt

Det finst oljebedrifter som held eigne nedbemanningar hemmelege for offentlegheita, ifølge Nav. Problematisk, meiner PR-ekspert.

OLJE

KORTA TETT TIL BRYSTET: PR-ekspert Trygve Forgaard og fagforbundet Safe meiner det er problematisk dersom store oljebedrifter ikkje informerer offentlegheita om bemanningskutt.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Nav Rogaland tilbyr krisehjelp ute hos bedriftene etter at dei har fått varsel om 2300 oppseiingar berre i september. Oljekrisa får hovudskulda for det høge talet.

Og fredag kunngjorde Statoil at dei reduserer opp mot 1900 stillingar innan utgangen av 2016.

Egil Tengs

Egil Tengs, avdelingsdirektør i Nav Rogaland.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Andre store bedrifter som Aibel og Bilfinger må også kutta talet på tilsette. Men ikkje alle er like opne om at folk må forlata jobbane sine, sjølv om dei varslar Nav.

– Det finst nok bedrifter som ikkje har kommunisert i offentlegheita at dei har kutta i arbeidsstokken, mens andre har gått tydeleg ut med dette i media, seier avdelingsdirektør i Nav Rogaland, Egil Tengs.

– Problematisk

Dagleg leiar ved Markedsføringshuset i Stavanger, Trygve Forgaard, seier det er problematisk dersom store bedrifter held tett om bemanningskutt.

– Det er negativt dersom store aktørar ikkje fortel om kutt. Samfunnet har rett til å vita kva som skjer i situasjonar som me er inne i nå, meiner han.

Han meiner store bedrifter har informasjonsplikt fordi kutta får ringverknader for andre.

Også forbundsleiar i fagforbundet Safe, Hilde-Marit Rysst, seier openheit er det beste.

– Ein bør alltid vera open om fakta, og det er eit problem dersom folk blir pålagde teieplikt om bemanningskutta, seier ho.

Har ikkje erfaring med kutt

Forgaard i Markedsføringshuset trur årsaka til at enkelte oljebedrifter held korta tett til brystet om kutt rett og slett er at dei ikkje har erfaring med dårlege tider.

Trygve Forgaard

Trygve Forgaard, dagleg leiar ved Markedsføringshuset i Stavanger.

Foto: Magnus Stokka

– Me har hatt 10–15 år med oppgang i oljebransjen, og fleire bedrifter har kanskje ikkje erfaring og instruksar på korleis ein skal permittera og kutta talet på tilsette. I kjølvatnet av det kan det vera bedrifter som burde kommunisert kutta ut, men som ikkje gjer det.

Men enkelte bedrifter kan også ha sine grunnar for å halda tett, ifølge Forgaard.

– Det kan vera at bedrifta har brukt mykje tid og krefter på å bygga opp eit godt omdømme, at dei er redde for at kutta skal påverka aksjekursane eller verdien på selskapet, at dei ikkje ønsker negativ sjølvkjensle blant dei som jobbar der eller at dei ikkje vil signalisera til kunden at det går dårleg.

Gjekk ut offentleg om kutt

Fleire av dei store oljebedriftene har også vore opne om at dei kuttar talet på tilsette, blant dei oljeservicebedrifta Bilfinger som har sagt opp 600 tilsette.

Rune Erland

Rune Erland, HR-direktør i Bilfinger.

Foto: Magnus Stokka / NRK

HR-direktør i Bilfinger, Rune Erland, seier deira avgjerd om å gå offentleg ut blant anna handlar om respekten for dei tilsette.

– Det er ikkje hemmeleg at me valde å seia opp så mange personar, og me synst det var rett å gå ut offentleg med dette. Det er me glade for at me gjorde, seier Erland.

Dette er også rådet frå PR-ekspert Forgaard.

– Ein bør vera open dersom det er snakk om store kutt. Når ein vil fortelja det som er positivt og kjekt for bedrifta, bør ein også kunne fortelja det negative som for eksempel permitteringar.