Utbrot på sjukeheim: Seks fullvaksinerte smitta av sørafrikansk virus

Både bebuarar og tilsette på eit bu- og aktivitetssenter i Sandnes er smitta av det sørafrikanske viruset. Ein bebuar har også døydd med smitten i kroppen.

Rovik bo- og aktivitetssenter i Sandnes

FLEIRE SMITTA: Fem bebuarar og fem tilsette ved Rovik bu- og aktivitetssenter i Sandnes er smitta av den sørafrikanske virusvarianten.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

På Rovik bu- og aktivitetssenter i Sandnes har nyleg seks bebuarar og fem tilsette blitt smitta av den sørafrikanske virusvarianten.

Ein av bebuarane har døydd med smitte i kroppen, men dei andre smitta er ikkje alvorleg sjuke.

– Han var over 85 år med ein alvorleg grunnsjukdom. Kva ein person døyr av går under teieplikta, men han var smitta av covid-19, seier kommuneoverlege Hans Petter Torvik i Sandnes.

Hans Petter Torvik

Kommuneoverlege Hans Petter Torvik i Sandnes seier vaksinen gir opp mot 95 prosent beskytting. Det kan forklara at seks fullvaksinerte personar blei smitta ved eit bu- og aktivitetssenter.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Saka er meldt inn til FHI

Alle bebuarar på bu- og aktivitetssenteret er fullvaksinerte med Pfizer-vaksinen.

Torvik seier ei forklaring på smitten kan vere at vaksineringa gir 90–95 prosent beskyttelse mot alvorleg sjukdom og død.

– Det vil seie at 5–10 prosent ikkje har den effekten. Og blant dei aller eldste er immunresponsen og vaksineringa svekka i forhold til dei som er yngre med sterkare immunrespons.

I tillegg er det usikkert kor god effekt Pfizer har på det sørafrikanske viruset. Situasjonen er meldt inn til Folkehelseinstituttet (FHI).

Rovik bo- og aktivitetssenter i Sandnes

Alle bebuarar på senteret er fullvaksinerte.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Det første tilfellet av den sørafrikanske mutasjonen blei oppdaga like før nyttår i Noreg. I FHIs siste rapport frå førre veke var det påvist totalt 250 smittetilfelle av denne varianten over heile landet dei siste fire vekene.

– Vi har ikkje gjort eigne studiar eller analysar på kor smittsam den sørafrikanske varianten er i Noreg, men rapportar frå andre land seier at den er betydeleg meir smittsam enn dei «gamle» variantane, seier avdelingsdirektør i FHI, Line Vold.

Veit de om vaksinane beskyttar dårlegare mot den sørafrikanske varianten?

– Det er reist spørsmål om vaksinasjon gjer noko mindre beskyttelse mot infeksjon med denne varianten, seier Vold.

Tilsette ikkje vaksinerte

Dei fem tilsette som er smitta har ikkje blitt vaksinerte, fordi dei berre er vikarar.

Viruset kom inn før palmehelga, via ein tilsett utan symptom.

Elin Selvikvåg, direktør helse og velferd i Sandnes kommune, seier kommunen har oversikt over situasjonen. Dei har sett i verk nye tiltak ved Rovik for å unngå meir smitte.

– Bebuarane får ikkje ta imot besøk no. Berre dei som er i ein spesiell situasjon får ha besøk av sine næraste, seier ho.

Elin Selvikvåg

Elin Selvikvåg i Sandnes kommune.

Foto: Sandnes kommune

Det bur 16 personar på avdelinga som er ramma av smitte. Desse er i karantene, det same er dei tilsette. Bebuarane blir tatt hand om av tilsette ved andre sjukeheimar.

Selvikvåg seier kommunen har følgt FHIs retningslinjer for vaksinering. Deltidstilsette har ikkje blitt prioritert i køen.

– Det har heller ikkje vore mogleg å berre ha vaksinerte tilsette på jobb, da ville det ikkje gått rundt. Vi treng alle i arbeid, seier ho.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 18.04.2021
3 306
Smittede siste 7 dager
209
Innlagte
708
Døde
1 025 429
Vaksinerte