Hopp til innhold

Bebuarar i 14 hus flom-evakuerte

Bebuarane i 14 hus på Mjølhus i Eigersund kommune får kome heim att etter at dei måtte evakuerast frå heimane sine i natt.

Video Evakuerte_RO.mp4

VIDEO: - Vatnet steig veldig raskt, seier Tor og Lillian Melhus, to av dei som vart evakuerte onsdag. Intervjuar Svein Jacob Mathisen.

Flom på Mjølhus ved Sletthei i Eigersund

Eit av husa som blei evakuerte.

Foto: Rolf Marnburg / NRK
Flom på Mjølhus ved Sletthei i Eigersund

Demninga politiet frykta skulle breste.

Foto: Rolf Marnburg / NRK
Slettebø kraftstasjon

Demninga ved Sletthei i Egersund heldt natta gjennom.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Frykt for at ei demning skulle breste gjorde at bebuarane i 14 bustadhus blei evakuerte seint onsdag kveld.

Torsdag føremiddag fekk familiane kome heim igjen.

– Vatnet steig heile dagen. Om ettermiddagen var det ganske høgt. Om kvelden ringde det på døra, og der stod politiet og sa me måtte evakuerast, fortel Brit Jorunn Puntervold, ei av dei som måtte forlate heimen sin.

– Eg har budd her heile livet. For nokre år sidan blei demninga heva med ein meter etter ein flaim, seier ho.

Ho fortel at dei evakuerte fekk sova hjå familie eller vener. Familien til Puntervold fekk bu hjå faren, som bur høgre oppe i same området.

20 cm over demninga

Evakueringa av dei 13 bustadene ved Sletthei i Egersund i Rogaland blei sett i gong i 22-tida onsdag kveld av Dalane Energi og NVE saman med politiet.

Eit siste hus blei tømt seinare om natta.

Årsaka var frykt for at ei demning kan skulle breste etter det kraftige regnveret. Ifølgje prognosane ville vasstanden vera rundt 20 centimeter over ei demning ved totida natt til torsdag,

Klokka 02.02 blei det derimot meldt om synkande vasstand ved målepunktet i Lundeåna.

Flom på Mjølhus ved Sletthei i Eigersund

Bebuarane på Mjølhus fekk i dag flytta heim att etter evakueringa onsdag kveld - sjølv om vatnet framleis prega området.

Foto: Rolf Marnburg / NRK

Nedbøren har minka kraftig i løpet av natta, og det er torsdag meldt strålande sol og skyfri himmel i Egersund, Stavanger og fleire andre stader i Sør-Noreg som onsdag var kratig råka av flaumen.

Sjekk veret på yr.no.

Ikkje heim i natt

Dei evakuerte i Egersund måtte likevel halda seg vekke frå heimane sine i natt.

– Det er ikkje aktuelt å la dei evakuerte flytta heim att før ut på morgondagen sa operasjonsleder Henning Andersen til NRK i natt.

Klokka 01.50 blei også ein bustad i Nyevegen i Egersund evakuert, ifølgje NTB.

Dette fordi ein frykta at ein forstøtningsmur kunne rasa ut.

Riksveg 42 var stengd ved Slettebøstrand , men blei åpna då vasstanden gjekk ned.