Hopp til innhold

Båtfolk i Randaberg rasar over tredobbel leige

Ryggstranden båtforening i Randaberg er rasande på kommunepolitikarane som vil tredobla leiga for den kommunale hamna. Nå trugar dei med å legga ned heile båtforeininga.

Kjell Arnfinn Nilsen

– Minstepensjonistar og barnefamiliar som har mista jobbane sine vil ikkje ha råd til å ligga her lenger med båtane sine. Det meiner med er heilt usosialt, seier formann Kjell Arnfinn Nilsen i Ryggstranden båtforening.

Foto: Magnus Stokka

– Dei treng ikkje flå dei som driv frivillig arbeid, spesielt ikkje båtforeiningane. Me har bygd opp heile hamna sjølv utan noko støtte frå kommunen, seier ein frustrert formann i Ryggstranden båtforening, Kjell Arnfinn Nilsen.

Bakgrunnen for kraftsalva er vedtaket i formannskapet i Randaberg førre veke om å tredobla leiga for båtforeininga frå 300.000 til 900.000 i året.

Dersom vedtaket blir banka igjennom i kommunestyret 15. desember, får det store konsekvensar for båtfolket, ifølge båtforeininga.

12 000 kroner i året

For dersom båtforeininga si årlege leige skal tredoblast, må prisane til båtfolket i småbåthamna følgja etter. Det betyr ei årsavgift på 12 000 kroner for ein tremeters båtplass. Nilsen fryktar hamna med 300 båtplassar i Randaberg blir for rikfolk.

– Minstepensjonistar og barnefamiliar som har mista jobbane sine vil ikkje ha råd til å ligga her lenger med båtane sine. Det meiner med er heilt usosialt.

Alle partia i formannskapet i Randaberg stemte for ei tredobling av leigeavtalen for den kommunale småbåthamna, med unntak av Frp.

Ryggstranden

Småbåthamna i Ryggveien har 300 båtplassar.

Foto: Magnus Stokka

Meiner politikarane forskjellsbehandlar

Ryggstranden båtforening reagerer også på at leigeprisane i dei andre båthamnene i kommunen ikkje blir rørte – og meiner enkelte politikarar i kommunen forskjellsbehandlar alt etter kor dei sjølv har medlemskap og båtplass.

– Kvifor held dei igjen i Skiftesvik. Kvifor kan dei ikkje ta alle foreiningane under ein kam slik at alle betaler likt? spør formann Nilsen.

Han siktar spesielt til gruppeleiaren i Arbeidarpartiet, Gunnar Hiim. Han er medlem i Skiftesvik båtforening.

– Meiner du Hiim forskjellsbehandlar?

– Ja, det verkar slik for oss.

– Kva synst du om det?

– Eg synst det er heilt bak mål.

Avviser kritikken

Men Hiim sjølv avviser kritikken og seier han har båten sin på land og at han tidlegare har nytta seg av ei privat hamn.

– Dette har ikkje noko med kor eg har båt. Eg forstår frustrasjonen til båtfolket, men dette handlar om å dekka inn budsjettet og då må me sjå på andre inntektsmoglegheiter. Slik kan me prioritera dei lovpålagde oppgåvene. Å driva båtforeining er ikkje det.

Rådmann i Randaberg, Magne Fjell, gjekk inn for å auka årsavgifta for Ryggstranden båtforening til 1,5 millionar. Han meiner prisen politikarane legg seg på er mykje lågare enn kva marknaden ville tatt for området.

– Eg som rådmann meiner prisen er veldig fornuftig, seier han.

Ber om at saka blir utsett

Men det meiner ikkje Nilsen i Ryggstranden båtforening. Dei ber om at saka i kommunestyret 15. desember blir utsett – og trugar med å legga ned heile båtforeininga. Slik det er i dag skulle dei helst utvida kommunegrensene.

– Dette hadde vore mykje betre dersom me var ein del av Stavanger kommune. Då hadde me fått same prisen som dei har der. Den er berre ein brøkdel av det me må betala.