Hopp til innhold

Båtflyktningar berga av norsk redningsskøyte

Den norske redningsskøyta «Peter Henry Von Koss» utførte i dag sitt første redningsoppdrag i Middelhavet. 14 personar blei berga.

Flyktningar i Middelhavet

Desse 14 migrantane blei måndag morgon plukka opp av den norske redningsskøyta «Peter Henry Von Koss».

Foto: Kripos

«Peter Henry von Koss» i Middelhavet

Her blir migrantane tekne i land.

Foto: Redningsselskapet

I slutten av mai reiste «Peter Henry Von Koss» frå basen sin i Egersund til Danmark for å klargjerast til teneste i Middelhavet. Sidan natt til sundag har båten vore ute på patrulje aust i Middelhavet mot grensa til Tyrkia, og i dag kom det første redningsoppdraget.

14 migrantar mellom 14 og 25 år blei berga frå ein liten båt, nokre blei berga direkte opp frå sjøen.

Mannskapet førte migrantane i land i Mytilini på Lesbos, her skal dei bli tekne hand om av greske styresmakter, skriv Redningsselskapet i ei pressemelding.

Nøgd med å vera operative

«Peter Henry von Koss» er ein del av Frontex (sjå faktaboks) sin operasjon Poseidon, der dei hjelper greske styresmakter med grensekontroll av båtar på veg til Hellas, i tillegg til å hjelpa folk i havsnød.

Beredskapssjef i Redningsselskapet, Ronny Pedersen, er glad for at redningsskøyta nå er operativ og kan vera med på å redda liv i Middelhavet.

– Me ser at det er eit stort behov for oss, og at både fartøy og utstyr passar godt til det farvatnet me arbeidar i. Redninga me gjennomførte måndag morgon stadfestar også at mannskapet om bord jobbar svært godt saman, skriv Pedersen i pressemeldinga.

Det er Redningsselskapet, norsk politi og representantar frå dei greske styresmaktene som jobbar på båten.