Hopp til innhold

Blei berga med helikopter og frakta til arresten

Mennene som blei berga ut frå den grunnstøtte båten på kysten av Jæren tysdag kveld hadde amfetamin på seg. Nå skal politiet søka og sjå om dei finn meir narkotika i båten.

To menn ble berget med redningshelikopter.

To menn, ein på 49 og ein på 50, blei i kveld berga av eit redningshelikopter frå Hovudredningssentralen Sør-Norge (HRS), deretter blei dei arresterte av politiet.

– Dei hadde amfetamin på seg. Me har også teke blodprøve av dei for å finna ut om dei er påverka av narkotika. Dei hadde promille, men den var under den lovlege grensa, seier Brit Randulff til NRK. Ho er operasjonsleiar i Sør-Vest politidistrikt avdeling Stavanger.

Køyrde i stor fart på land

Det heile byrja klokka åtte tysdag kveld, då politiet fekk melding om ein båt som hadde køyrd på land i stor fart. Ingen personar var observert ved båten.

Redningsskøyta Bergen Kreds

Redningsskøyta Bergen Kreds har nå teke med seg båten som skal søkast gjennom for narkotika.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Redningshelikopter og redningsskøyta blei sendt ut. Då eitt av mannskapa frå helikopteret kom seg om bord i båten kunne han slå fast at det var to personar om bord. Ingen såg ut til å vera skadde.

Dei to blei berga ut av båten og flydde til flyplassen på Sola. Der venta politiet som skulle gjera avhøyr for å finna ut kva som hadde skjedd, med dei to mennene som ifølgje HRS var på veg til Austlandet med båten.,

Kriminelle rulleblad

– Dei to har kriminelle rulleblad. Han eine hadde nett kjøpt båten. Me har sett salspapira og vore i kontakt med den tidlegare eigaren, og alt ser greitt ut med tanke på dette, fortel Randulff.

Politiet skal etterforska saka vidare og fortel at Redningsselskapet har slept med seg båten, som skal ha teke inn ein god del vatn.

– Neste steg nå er at me skal gå gjennom båten for å sjå om det kan finnast meir narkotika der, avsluttar Randulff.