Hopp til innhold

Basehopparen er lettare skadd og kald etter fem timer i fjellveggen

Fjellklatrarar har fått basehopparen som satt fast i ein fjellvegg i Maudal i Gjesdal ned fra fjellet. – Han er snart på veg til sjukehus, fortel Hovudredningssentralen.

Redningsaksjon etter basehopper

Fjellklatrarar tok seg måndag ettermiddag ned til ein basehoppar som sett fast i ein fjellvegg i Maudal i Gjesdal.

Foto: Kees Fjellvang / NRK

SISTE: politiet opplyser at basehopperen ble fraktet med redningshelikopter til Stavager universitetssykehus klokken 18:55. Han var nedkjølt og lettere skadet.

Klokka 12:24 fekk hovudredningssentralen melding om at ein basehoppar var utsett for ei ulykke i Maudal i Gjesdal kommune. Det var ein kjenning av basehopparen som melde ifrå. Det var Gjesdalbuen som først skreiv om ulykka.

Maudal

Basehopparen sitt fast i dette fjellområdet i Maudal.

Foto: Kees André Z. Fjellvang / NRK

Måtte rappellera ned

Politi, ambulanse, og eit Sea King-helikopter blei sendt til staden då meldinga om ulykka kom. Dei fann raskt ut at dei trengde assistanse frå fjellklatrarar for å kunne henta ned basehopparen.

Ei alpin redningsgruppe blei då henta med Sea King-helikopter.

Hopparen skal ha sett utfor ein 594 meter høg fjellvegg i Maudal, men trefte fjellet ein stad mellom midten og om lag 100 meter frå botnen, opplyser Hovudredningssentralen Sør-Noreg til NTB.

Klatrarar i Maudal

Klatrarar gjer seg klar til å rappellera ned til basehopparen.

Foto: Kees André Z. Fjellvang / NRK

Eit Sea King redningshelikopter har vore oppe og rekognosert, men det var ikkje mogleg å hente opp hopparen direkte, seier redningsleiar Erik Willassen. To klatrarar frå Rogaland Alpine Redningsgruppe (RAR) etablerte kontakt med basehopparen.

Klatrarane har heist han ned dei 100 meterane til bakken.

Veit ikkje årsaka

– Basehopparen er tatt ned til ura. Om kort tid blir han hente av redningshelikopteret og frakta til sjukehus, seier Willaseen til NRK klokka 18:20.

Maudal