Tilbodet er oppretta for personar som har opplevd overgrep i barnevernsinstitusjonar i Stavanger. Her kan dei få fortalt si historie og få informasjon. Telefonvaktane har teieplikt.
Støttetelefonen er på plass berre fire dagar etter at det vart vedteke at den skulle opprettast.
Telefonnummeret er 800 87 150 (gratisnummer) frå 12:00 til 20:00 alle dagar.