NRK Meny
Normal

Småbarnsmødrer demonstrerte i Stavanger

Foreldre i Stavanger aksjonerte i dag for å få rullerande barnehageopptak. Ap lovar å finansiera barnehageopptak nummer to, men Høgre meiner det er urealistisk å få til med berre kommunale midlar.

Barnehageaksjon i Stavanger

Her demonstrerer mødrer mot barnehageopptaksordninga i Stavanger sentrum i dag.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

– Noverande lokalpolitikarar påstår at me har full barnehagedekning. Det har me, om me ser vekk ifrå at det berre gjeld barn som er fødd før første september, det seier Lene Nordnes, som er ei av kvinnene i barselgruppa i Stavanger som i dag demonstrerte framfor Domkyrkja.

Dei vil setja søkelyset på dagens barnehageopptak, for med barn som er fødde i oktober, høyrer dei til gruppa som ikkje har krav på barnehageplass til hausten.

Heftig debatt

Lokalpolitikarane måtte svara for seg, og sjølv om Nordnes ikkje er nøgd med svara ho fekk, er ho i alle fall viss på at engasjementet er stort. Ho håper at dette kan bli eit viktig tema i den komande valdebatten.

Her diskuterer lokalpolitikarane barnehagepolitikken, med mødrene som demonstrerte i Stavanger sentrum.

Sjå utdrag frå debatten her. Frå venstre: John Peter Hernes (H), Lene Nordnes (arrangør), Dag Mossige (Ap), Per A. Torbjørnsen (V), Eirik Faret Sakariassen (SV), Kathrine Woie (arrangør)

Gir kommunane ansvaret

Retten til barnehageplass gjeld for barn som fyller eitt år seinast innan utgangen av august det året det vert søkt om barnehageplass. Barn fødde frå og med september har rett til plass frå august det følgjande året.

Som ein konsekvens av dette kan foreldra måtte vera heime med junior i ein mykje lengre periode enn dei har foreldrepermisjon med løn.

John Petter Hernes

John Petter Hernes (H) var ein av politikarane frå Stavanger som i dag måtte svara på spørsmål frå frustrerte småbarnsmødrer.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

I statsbudsjettet for 2015 løyvde Regjeringa 307 millionar kroner til fleksibelt barnehageopptak. Forslaget «bidrar til at kommunane kan etablera fleire barnehageplassar, slik at barn som fyller eitt år 1. september eller senere, skal få kortere ventetid på en barnehageplass. Regjeringen mener forslaget legger til rette for at kommunane kan finne gode og fleksible opptaksløsninger lokalt.», som det heiter på hoyre.no.

– Kan ikkje venta på rikspolitikarane

Med dette har rikspolitikarane spelt ballen over til kommunane for å få på plass konkrete løysingar. I Stavanger plukkar Arbeidarpartiet gladeleg opp den ballen, og lovar to barnehageopptak i året dersom dei kjem til makta.

– Me har ikkje tolmod til å venta på at noko kjem nasjonalt, derfor må me sjå på korleis me kan bruka lokale midlar til å få i gang opptak for dei som er fødde etter første september, seier Dag Mossige.

Høgrepolitikar John Peter Hernes seier det er frustrerande for politikarane, men at to barnehageopptak ikkje nødvendigvis er vegen å gå.

– For oss vil det nesten bety å gå eit steg tilbake med å innføra to opptak, fordi me i dag har rullerande opptak.

Det er ein situasjon småbarnsmor Lene Nordnes ikkje kjenner seg att i.

– Rullerande opptak fungerer ikkje i praksis slik det er i dag. Det er heller ikkje optimalt å redusera driftskostnadane. Me ønskjer at barnehagane skal ha ei drift slik at dei faktisk klarer å ta inn dei ungane som står på venteliste når det er ledige plassar, seier Nordnes.