Hopp til innhold

Barn vert ikkje nødvendigvis skada av å sjå Squid Game, seier ekspert

Åtte-niåringar ser TV-seriar med 19-årsgrense, men tek dei eigentleg skade av det?

Reaksjonar på Squid Game-artikkel på NRK.no

Fleire reagerte då NRK skreiv om ein skule som åtvara foreldre mot Squid Game. For har vi ikkje hatt denne diskusjonen før?

Foto: YOUNGKYU PARK / AFP

Fleire reagerte då NRK skreiv om ein skule som åtvara foreldre mot Squid Game. For har vi ikkje hatt denne diskusjonen før?

Foto: YOUNGKYU PARK / AFP

Ein skule i Sandnes sende ut åtvaring til foreldre om serien. Antirasistisk senter meiner den kan hjelpe motverke rasisme.

Uansett har Netflix-snakkisen «Squid Game» blåst nytt liv i ein debatt langt eldre enn oss alle: vert barn valdelege av å sjå vald i media?

På 1800-talet hadde ein skillingsviser om vald og utruskap. På 60-talet radiohøyrespel om amerikanske gangsterar.

På 80-talet var videovald ein stor debatt. Det same var GTA på 2000-talet og no Squid Game.

Vald har alltid vore ein del av populærmedia for unge.

Og like lenge har spørsmålet om det er skadeleg for unge vore relevant.

– Barn vert nok meir påverka av kva som skjer i heimen enn av det dei ser på TV-skjermen – isolert sett, seier psykolog Svein Mossige.

Miljøet i heimen viktigast

Mossige er professor i psykologi med spesielt fokus på barn og vald.

Han leia i 2010 ein NOVA-rapport som samla og diskuterte ulike funn frå forsking på forholdet mellom vald i media og det å utøve vald.

Han veit altso litt om barn vert valdelege av å sjå vald på TV.

Svein Mossige

Mossige har ikkje sjølv sett Squid Game, men kjenner godt forskinga på medievald og barns åtferd.

Foto: Tom Ingebrigtsen / NRK

Rapporten til Mossige konkluderer med at det er svært vanskeleg å forske på om ungar vert valdelege eller aggressive av å sjå vald på skjermen.

Det er fordi det er uendeleg mange andre faktorar som spelar inn på utfallet.

Den forskinga som er gjort er også delt i sine konklusjonar, og noko av det er basert på svake metodar.

– Barnet sin reaksjon på eksponering for vald på skjermen kan ikkje sjåast på utan også å ta omsyn til korleis barnet har det elles, seier Mossige.

Han forklarar at dei barna som er sårbare for å utagere med aggresjon etter å ha sett vald på skjermen, gjerne er sårbare på andre måtar – som å ha eit dårleg forhold til eigne foreldre.

– Særleg om dei kjenner att noko av den valden dei ser på skjermen også frå sitt eige familieliv, seier professoren.

– Til sjuande og sist foreldra sitt ansvar

– Barn og unge vert heilt klart påverka av det innhaldet dei ser, seier Mari Velsand.

Ho er direktør i Medietilsynet. Det er ikkje dei som har sett Netflix si 16-årsgrense på Squid Game, fordi dei er ein utanlandsk aktør og dimed ikkje underlagt norsk lov.

Men aldersgrensene i Noreg skal settast ut ifrå om innhaldet kan vere skadeleg for barn og unge.

Lova definerer skadeleg innhald som «skildringar i biletprogram som kan virke kjenslemessig opprivande eller kognitivt forstyrrande» for barn.

Mari Velsand

Mari Velsand seier Medietilsynet ikkje vurderer TV-seriar på tenester som Netflix, fordi dei er ein aktør som ikkje sender frå Noreg.

– For at innhald skal bli vurdert som skadeleg, må det vere noko som vert vurdert å vere til dømes skremmande, angstskapande, forstyrrande eller grenseoverskridande, seier Velsand.

Ho seier at vurderingar av aldersgrenser vert gjort med eit visst skjønn og at det ikkje er noko eintydig svar på korleis innhald påverkar barn og unge.

– Men arbeidet med aldersklassifisering skjer etter et føre var-prinsipp, seier Velsand.

– Så er jo barn forskjellige, og difor er det jo også uansett til sjuande og sist foreldra som må ta stilling til om deira barn skal sjå ein film, sjølv om barnet er gamalt nok i forhold til aldersgrensa som er sett, seier direktøren.